Ein asteroidemåne er ein asteroide som går rundt ein annan asteroide. Astronomane går ut frå at mange asteroidar har månar, ofte relativt store månar. Asteroidar med månar blir ofte kalla binære asteroidar.

243 Ida med månen sin, Dactyl.

Termen dobbelasteroide blir nokre gonger brukt for tilfelle der asteroiden og månen er omtrent like store. 90 Antiope er ein slik asteroide, der to like store delar går i bane rundt eit felles gravitasjonssentrum.

Opphav endre

Kvar asteroidemånar kjem frå veit ein ikkje sikkert, men det finst mange moglege forklaringar. Ein populær teori er at dei er blitt til ved at bitar er blitt slått av asteroidar gjennom kollisjonar. Ein større asteroide kan òg ha fanga ein mindre gjennom gravitasjonskrefter.

Oppdagingar endre

Den første asteroidemånen ein identifiserte var Dactyl, som går rundt 243 Ida. Denne blei oppdaga av Galileosonden i 1993. I 1998 oppdaga ein den andre, Petit-Prince, som gjekk rundt 45 Eugenia.

Ved byrjinga av 2004 hadde ein funne nær førti fleire asteroidemånar ved hjelp av teleskop på jorda. Det blei funne månar rundt hovudbelteasteroidar, trojanske asteroidar, nærjordsasteroidar og objekt i Kuiperbeltet.

I august 2005 fann ein det første måneparet rundt ein asteroide, Remus og Romulus som gjekk rundt 87 Sylvia. Seinare same året oppdaga ein òg to månar rundt 2003 EL61.

Viktige asteroidar med månar endre

Namn Banetype Diameter (km)
(eller dimensjonar)
Namn på månen Diameter på månen (km)
(eller dimensjonar)
Avstand mellom paret (km)
22 Kalliope hovudbelte (231.4×175.3×146.1) Linus 38±6 1,065±8
45 Eugenia hovudbelte 214.6±4.2 Petit-Prince 12.7±0.8 1,184±12
87 Sylvia hovudbelte (384×264×232) Remus 7±2 706±5
Romulus 18±4 1,356±5
90 Antiope hovudbelte 110±16 S/2000 (90) 1 110±16 170±1
107 Camilla hovudbelte 222.6±17.1 (325×223×139) S/2001 (107) 1 9±1 1,235±16
121 Hermione hovudbelte 209.0±4.7
(265×180×180)
S/2002 (121) 1 18 794.7±2.1
130 Elektra hovudbelte 182.3±11.8 S/2003 (130) 1 4 1,252±30
243 Ida hovudbelte (59.8×25.4×18.6) Dactyl (1.6×1.4×1.2) 108
283 Emma hovudbelte 148.1±4.6 S/2003 (283) 1 12 596±3
379 Huenna hovudbelte 92.3±1.7 S/2003 (379) 1 7 3,400±11
617 Patroclus trojansk asteroide 105 Menoetius 95 610
762 Pulcova hovudbelte 137.1±3.2 S/2000 (762) 1 20 810
809 Lundia hovudbelte ? S/2005 (809) 1 ? ?
854 Frostia hovudbelte 15? S/2004 (854) 1 ? ~50
1089 Tama hovudbelte 12.9 S/2003 (1089) 1 9 20
1313 Berna hovudbelte 11 S/2004 (1313) 1 11 35
1509 Esclangona hovudbelte 12 S/2003 (1509) 1 4 140
1862 Apollo apolloasteroide 1.7 S/2005 (1862) 1 0.08 3
3671 Dionysus nærjordsasteroide 1.5 S/1997 (3671) 1 0.4 2.2
3749 Balam hovudbelte 7 S/2002 (3749) 1 1.5 310±20
4492 Debussy hovudbelte ? S/2004 (4492) 1 ? ?
(26308) 1998 SM165 transneptunobjekt 420? S/2001 (26308) 1 170? 11,310±110
(47171) 1999 TC36 plutino 590? S/2001 (47171) 1 250? 7,640±460
(66391) 1999 KW4 nærjordsasteroide 1.2 S/2001 (66391) 1 0.36 2.6
69230 Hermes apolloasteroide ~0.4 S/2003 (69230) 1 ~0.4 ~1


Bakgrunnsstoff endre

Solsystemet
 SolaMerkurVenusMånenJordaPhobos og DeimosMarsCeresAsteroidebeltetJupiterMånane til JupiterSaturnMånane til SaturnUranusMånane til UranusMånane til NeptunNeptunMånane til PlutoPlutoKuiperbeltetDysnomiaErisDen spreidde skivaOortskya
Sola · Merkur · Venus · Jorda · Mars · Ceres · Jupiter · Saturn · Uranus · Neptun · Pluto · Eris
planetar · dvergplanetar · månar: Månen · marsmånar · jupitermånar · saturnmånar · uranusmånar · neptunmånar · plutomånar · erismånen
smålekamar:   meteoroidar · asteroidar/asteroidemånar (asteroidebeltet) · kentaurar · TNO-ar (kuiperbeltet/den spreidde skiva) · kometar (Oortskya)
Sjå òg himmellekamar, liste over lekamar i solsystemet, sorterte etter radius eller masse, og temasida om solsystemet