Astroturfing er organiserte PR-prosjekt som forsøkjer å konstruere eit inntrykket av ein spontan grasrotreaksjon. Omgrepet er spesielt bruka som internettsjargong og om samordna opptreden i debattar på internett. Ordet er henta frå engelsk, der AstroTurf er kjend som ein type kunstgras produsert av det amerikanske selskapet Textile Management Associates . Ordet siktar altså til at dette er ei kunstig grasrotrørsle. Målet er å framstå som ein uavhengig folkeleg reaksjon mot eller for ein politikar, ei politisk gruppe, eit produkt, ei teneste, ei hending eller liknande. Organisator kan t.d. vere eit PR-byrå, ein politisk organisasjon eller ein næringsorganisason.