Fyrstedømet Asturias (spansk Principado de Asturias, asturisk Principáu d'Asturies) er ein autonom region i Spania, tidlegare kongedømet Asturias i mellomalderen. Han ligg på den spansk nordkysten mot Biscayabukta.

Fyrstedømet Asturias
Principado de Asturias
Principáu d'Asturies
region
Flagg
Symbol
Land  Spania
Del av Grøne Spania
Hovudstad Oviedo
Areal 10 603,57 km²
Type Autonom region
Folketal 1 011 792 (2021)[1]
Postnummer O
Kart
Asturias
43°21′41″N 5°50′52″W / 43.361388888889°N 5.8477777777778°W / 43.361388888889; -5.8477777777778
Wikimedia Commons: Asturias

Dei viktigaste byane er regionshovudstaden Oviedo, hamnebyen og den største byen Gijón og industribyen Avilés. Andre byar er Mieres, Langreo (med La Felguera og Sama), Pola de Siero, Luarca, Cangas de Onís, Cangas del Narcea, Grado, Lena, Laviana, El Entrego, Villaviciosa, Vegadeo og Llanes.

Asturias grensar i aust til Cantabria, i sør til Castilla y León, i vest til Galicia (Lugo) og i nord til Biscayabukta.

Historie endre

Asturias har vore busett sidan eldre steinalder og her finst fleire grottemåleri frå denne tida i dei austlege områda av regionen. I bronsealderen vart reist megalittar og gravhaugar. I jernalderen vart området kulturelt påverka av keltarane. Det lokale keltiske folket, kalla asturar, folkesette heile området med castroar (befesta åsbyar). I dag finn ein denne keltiske påverknaden igjen i stadnamn, som elvar og fjell.

Romarriket erobra Asturias under Augustus (29-19 f.Kr.) og regionen gjekk inn i den skriftlege historia. Etter fleire hundreår under romarane, tok suebar og vestgotarar over landområdet frå 500-talet e.Kr til byrjinga av 700-talet. Perioden deira enda då dei muslimske maurarane erobra Spania. Som for romarane og vestgotarane hadde òg maurarane problem med å erobre det fjelldominerte landskapet og den spanske nordkysten vart derfor aldri ein skikkeleg del av det islamske Spania. Under den mauriske erobringa på 700-talet vart derfor Asturias ein region der dei kristne adelsfolka søkte tilflukt og i 722 vart eit de facto sjølvstendig kongedøme grunnlagd, Regnum Asturorum, som vart starten på reconquista (gjenerobringa).

På 900-talet tok kongedømet León over kongedømet Asturias og i mellomalderen høyrer ein lite til området sidan det var vanskeleg tilgjengeleg. Etter opprøret til Henrik II av Castilla på 1300-talet vart fyrstedømet Asturias oppretta. Den mest kjende motstandaren til sjølvstendet var Gonzalo Peláez og dronning Urraca, som trass i viktige sigrar til slutt tapte mot kastiljanske troppar. Etter at fyrstedømet vart teken opp i kongedømet Spania, gav Asturias det spanske hoffet aristokratar av høg rang og spelte ei viktig rolle i koloniseringa av Amerika. Sidan 1388 har arvingen til den kastiljanske (seinare spanske) trona vorte kalla fyrste av Asturias. På 1500-talet nådde folketalet 100 000 for første gong og berre hundre år seinare var folketalet dobla på grunn av innføring av amerikanske mais.

 
Gaspar Melchor de Jovellanos

På 1700-talet var Asturias eit av sentera frå den spanske opplysingstida. Den kjende tenkjaren Benito de Feijoo slo seg ned i benediktinarklosteret San Vicente de Oviedo. Gaspar Melchor de Jovellanos, ein lærd på mange område og kjend reformator og politikar på slutten av 1700-talet, vart fødd i kystbyen Gijón.

Den industrielle revolusjonen kom til Asturias etter 1830 då det vart oppdaga og systematisk utvunne kol og jern. Samstundes var det stor utflytting til Amerika, særleg Argentina, Uruguay, Puerto Rico, Cuba og Mexico). Dei som klarte seg på andre sida av havet kom ofte attande til heimlandet mykje rikare. Desse entreprenørane vart kjende som 'indianos', sidan dei hadde vitja og slått seg opp i Vestindia og bortanfor. Arva etter desse rike familiane kan ein framleis sjå i Asturias i dag. Mange store 'modernista'-villaer ligg spreidd over heile regionen, samt kulturelle institusjonar som friskular og offentlege bibliotek.

Som resten av Spania spelte Asturias ei rolle i hendingane som førte opp til den spanske borgarkrigen. I 1934 kjempa marxistiske arbeidarar mot den høgrevendte regjeringa i Den andre spanske republikken. I ein månad vart ein sosialistrepublikk danna i Asturias med ein totalt marxistisk administrasjon. Tropar under kommandoen til Francisco Franco vart ført inn frå dei nordafrikanske koloniane for å slå ned opprøret og blodtørstig undertrykking følgde. Som følgje av dette var Asturias lojale til den demokratiske republikanske regjeringa under den spansk borgarkrigen og var åstad for merkverdig forsvar i ekstremt terreng under slaget ved El Mazuco. Då Franco etter kvart fekk kontroll over heile Spania vart Asturias kalla provinsen Oviedo frå 1936 til Franco døydde i 1975. Provinsen fekk tilbake det opphavlege namnet sitt då demokratiet vende attende til Spania i 1977.

I 1982 vart Asturias ein autonom region.

Geografi og klima endre

 
Picos de Europa, frå Parque Natural de Redes.

Dei kantabriske fjella (Cordillera Cantábrica) dannar ei naturleg grense mellom Asturias og provinsen León i sør. I den austlege fjellkjeda ligg Picos de Europa det høgaste fjellet i fjellkjeda med ei høgd på 2648 meter over havet. Fjellet ligg i ein nasjonalpark med same namn. Andre kjennemerke i fjellkjeda er Parque Natural de Redes sentralt i aust, Ubiñas sør for Oviedo og Parque Natural de Somiedo i vest. Dei kantabriske fjella har gode høve for fjellklatring, fotturar, skigåing, grotteutforsking og strekkjer seg om lag 200 km frå eine til andre enden.

Kysten av Asturias er lang med fleire hundre strender, bukter og naturlege havgrotter. Ei av strendene er Playa del Silencio (Stillestranda) nær fiskelandsbyen Cudillero (vest for Gijón), samt mange strender rundt feriestadane i Llanes, som Barro, Ballota og Torimbia. Dei fleste av strendene i Asturias består av sand og er omgjeve av bratte klipper.

 
Playa de Ballota, nær Andrin i Llanes.

Dei største landskapa i Asturias er kystklippene og fjella i indre strøk. Klimaet i Asturias er som resten av det nordvestlege Spania meir variert enn lenger sør i landet. Somrane er generelt fuktige og varme med mykje sol, men òg noko regn. Vintrane er kjølige og stundom kalde. Kulda er særleg merkbar i fjella der ein finn snø frå oktober til mai. Både regn og snø er vanleg vêr om vinteren.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Asturias» frå Wikipedia på engelsk, den 27. september 2009.
  • Bowen-Jones, H. og W.B. Fisher. Spania: An Introductory Geography. New York: Praeger, 1966.
  • Dresner, Denise, ed. Guide to the World. Phoenix: Oryx Press, 1998. S.v. "Asturias"
  • Encyclopedia Americana. Danbury: Grolier, 2002. S.v. "Asturias"
  • Merriam-Webster's Geographical Dictionary. Springfield: Merriam-Webster, 1997. S.v. "Asturias"
Referansar

Bakgrunnsstoff endre

  Reiseguide for Asturias frå Wikivoyage
  Commons har multimedium som gjeld: Asturias