Asymmetrisk kryptering

Asymmetrisk kryptering, òg kjend som offentleg nøkkelkryptering, er ei form for kryptering der ein brukar har eit par med kryptografiske nøklar - ein offentleg nøkkel og ein privat nøkkel. Den private nøkkelen blir halden hemmeleg, mens den offentlege nøkkelen kan gjevast ut til kven som helst. Nøklane er matematisk relaterte, men den private nøkkelen kan ikkje avleiast frå den offentlege nøkkelen på ein praktisk måte. Ei melding kryptert med den offentlege nøkkelen kan berre dekrypterast med den tilsvarande private nøkkelen.

Eit stort tilfeldig tal blir brukt til å laga eit offentleg nøkkelpar.
Kven som helst kan kryptera med den offentlege nøkkelen, men berre innehavaren av den private nøkkelen kan dekryptera. Tryggleiken avheng av kor sikker den private nøkkelen er.
Ved å nytta ein privat nøkkel til å kryptera (dvs. signera) ei melding, kan alle verifisera denne signaturen med den offentlege nøkkelen. Verifiserbarheita avheng av kor sikker den private nøkkelen er.
Ved å kombinera eins eigen private nøkkel med andres offentlege nøklar, kan ein rekna ut ein delt sikker nøkkel som berre du kjenner. Den delte sikre nøkkelen kan brukast som nøkkelen til ein symmetrisk krypteringsalgoritme.

Til samanlikning nyttar symmetrisk kryptering ein einskild privat nøkkel til både kryptering og dekryptering.

Dei to hovudgreinene av asymmetrisk kryptering er:

  • Offentleg nøkkelkryptering – ei melding kryptert med ein brukars offentlege nøkkel kan ikkje dekrypterast av andre enn brukaren som har den tilsvarande private nøkkelen. Dette kan brukast for å sikra tryggleiken.
  • Digitale signaturar – ei melding signert med ein brukars private nøkkel kan verifiserast av kven som helst som har tilgang til brukarens offentlege nøkkel, og dermed bevisa at brukaren har signert den samt at meldinga ikkje har blitt endra. Dette kan nyttast for å godskriva ektheita.

Sjå og endre

  • Pretty Good Privacy er det mest utbreidde dataprogrammet som nyttar offentleg nøkkelkryptering.

.