Ein asymptote er eit matematisk omgrep som vert nytta om ei rett eller krum linje ei kurve, eller grein av ei kurve, stadig nærmar seg, men aldri møter. Uttrykket kjem frå latin: asymptota (linea), (linje) som ikkje møtes. Kurva kan kome vilkårleg nær asymptoten sin, men utan å falle saman med han.

som graf i kartesisk koordinatsystem. Her er x- og y-aksen asymptotar.

For flater kan ein òg innføre asymptotiske flater med liknande eigenskapar, vanlegvis asymptotiske plan eller asymptotiske kjegleflater.

Vidare kan ein sei for funksjonar at ein funksjon f(x) nærmar seg asymptotisk til ein annan funksjon g(x) dersom forholdet deira nærmar seg verdien 1 som grense for veksande verdiar av x.

Ein asymptotisk formel uttrykker at ein funksjon er asymptotisk lik ein annan funksjon.

Kjelder endre