Atazardammen er ein kvelvdam nær Madrid i Spania i elva Rio Lozoya, like før ho munnar ut i Jarama. Demninga er den eldste kvelvdammen i verda. Bogeforma på dammen er optimal for den samle kløfta der han vart bygd for å halde vatnet tilbake i reservoaret. Bogedammar er tynne og krev mindre byggmateriale enn andre damtypar.[1]

El Atazar-reservoaret
innsjø
Land  Spania
Innsjøtype Reservoar
Tilsig Rio Lozoya
Utløp Rio Lozoya
Areal 10,7 km²
Volum 426 millionar m³
Koordinatar 40°54′36″N 3°28′23″W / 40.91000°N 3.47306°W / 40.91000; -3.47306
Kart
Atazardammen
40°54′43″N 3°28′24″W / 40.911838888889°N 3.4733305555556°W / 40.911838888889; -3.4733305555556
Wikimedia Commons: El Atazar Dam
El Atazar Dam

Då dammen vart bygd vart det avgjort at dammen berre skulle lagre og regulere vatn, og ikkje nyttast til straumproduksjon. Dammen vart bygd i 1968 og stod ferdig i 1972.

Utforming endre

Dammen er 135 meter høg og 52,3 meter brei ved botn. Kapasiteten i reservoaret er 424  millionar m³. Dammen er av betong og har ein dobbel boge.[2]

Problem endre

Overvaking av dammen har vist unormal rørsle. Det er vanleg at dammar rører seg, men venstre sida av dammen har flytta seg meir enn høgresida, fordi ei støtte vart bygd på høgresida slik at han er mindre fleksibel her. I 1977 vart det oppdaga ei sprekke i dammen, og i 1979 hadde sprekka vorte 150 meter lang og vart reparert.[3]

Galleri endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. «Dam basics». PBS. Henta 31. desember 2006. 
  2. «El Atazar Background». Henta 18. mai 2009. 
  3. «El Atazar Problem». Henta 18. mai 2009.