Athaulf er namnet på den andre kongen over vestgotarane. Han tok over etter Alarik og rådde frå 412 til 415. Athaulf er òg rekna som den første kongen av Toulouse-kongedømet.

Athaulf

Statsborgarskap ingen verdi
Fødd 4. hundreåret
Pannonia
Død

8. september 415
Barcelona

Yrke monark
Far Alatheus
Ektefelle Galla Placidia
Athaulf på Commons
Statue i Madrid laga av Felipe de Castro, 1750-53.

Athaulf vart kalla til Italia frå Pannonia, der han var hovding for ein stor sambandshær av gotarar og hunarar. Som svoger av Alarik vart han rekna å vera av same ætta, og av høg byrd.

Alarik døydde utan ervingar, vart Athaulf vald til konge for visigotane. Under hans førarskap var visigotane i Italia til utpå året 413, då dei drog seg ut. I krisa som rådde valde romarane under keisar Honorius å tilby gotarane bustad i Gallia. I 413 kom det til herjing i Gallia, og stor uvisse om rettane visigotane hadde der. Keisaren drog seg frå avtala med gotarfolket, slik han før hadde svike Alarik, og Athaulf sette hæren til å herje i søre Gallia. Denne ufreden vara ved til 414, etter at Athaulf vart hardt såra under eit åtak på Massilia. Same våren ekta han søstera av keisar Honorius, Galla Placidia. Ho hadde vore eit viktig tingingskort i feiden mellom Athaulf og keisaren. Dei vart gift i Narbonne, og Athaulf bar romerske klede under bryllaupet.

Fallet endre

Tidleg på året 415 drog Athaulf folket sitt utor søre Gallia. I september same året vart han stukken ned i Barcelona av ein av vaktene sine, kalla Eberwolf. Grunnen som var gjeven var at Athaulf i si tid hadde drepe ein av dei gotiske underhovdingane. I dette drapet ligg det eit krav om blodhemn, med òg ei trette om leiarskapen mellom dei gotiske hovdingane. Den som sytte for at Athaulf miste livet var ein Sigerik, som rådde ei veke. Sigerik vart drepen av den neste visigotarkongen, Wallia.

Jordanes skriv: «Kongsmakti yver vesegotane gav dei Atavulf, skyldingen åt Alarik, ein ovkar både til kropp og sjel; han var sakte ikkje so høgvaksen, men han var vel ihopkomen og andletsfager...

...Tridje året etter at han kua Gallia og Spania laut han livet lata (415); det var ein Evervulf som han jamnt hadde til løye fordi han såg so snodig ut; so rende han sverdet sitt i magen på kongen til slutt. Då han var død, sette dei Sigerik til konge; men han au vart drepen med svik av sine eigne, og miste snøgt både rike og liv.»

Herwig Wolfram meiner Athaulf står som symbol på ei utvikling for gotarane, frå «barbarfolk» til «kulturfolk», og frå fotsoldatar til ryttarfolk. Med Athaulf er den førti år lange gotiske «diasporaen» slutt, og dei har fått seg eit nytt heimland. Gotarane flytta ikkje på seg meir etter hans tid.

Kjelder endre