For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Atlas (fleirtyding).

Atlas er samlingar av kart som kan visa geografiske trekk, stadnamn og politiske grenser, og gjerne også geopolitisk, sosial, religiøs og demografisk statistikk. Dei er tradisjonelt blitt gjevne ut i bokform, men er i nyare tid også blitt laga for datamaskinbrukCD-ROM og Internett.

Bokatlas.

Historikk endre

 
Verdskart frå det første moderne atlaset av Ortelius, Theatrum Orbis Terrarum frå 1570.

Den første boka som kan kallast eit atlas blei laga etter utrekningane til geografen Klaudios Ptolemaios, som levde i Alexandria rundt år 150. Den første utgåva blei gjeven ut i Bologna i 1477, og var illustrert med 27 kart.

Ordsoge endre

Nemninga «atlas» er knytt til titanen Atlas, som i gresk mytologi bar himmelen på skuldrene sine.

Kjelder endre

  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.