Atmosfærisk vindauge

Det atmosfæriske vindauget referer til dei delane av det elektromagnetiske spekteret som ikkje blir absorbert når jordatmosfæren er i sin naturlege tilstand. Det atmosfæriske vindauget ligg om lag i bølgjespekteret til infraraud stråling mellom 8 og 15 mikrometer.

Eit atmosfærisk strålingsvindauge mellom 8 og 15 µm.

Årsak endre

Absorpsjon ved dei naturlege drivhusgassane er inndelt i to område. Gassar som CO2 og CH4 (i lag med andre hydrokarbon) absorberer ved lengre bølgjelengder enn det atmosfæriske vindauget på grunn av relativt lange C-H og karbonylbindingar. Dei kjemiske bindingane til H2O og NH3 absorberer ved bølgjelengder kortare enn 8 mikrometer. Bortsett frå bindingar i O3 er det ingen bindingar mellom karbon-, hydrogen-, oksygen- og nitrogenatom som absorberer mellom desse to områda av spekteret. Dette betyr at stråling i det atmosfæriske vindauget om lag blir totalt reflektert frå Jorda og ut i verdsrommet. Utan dette vindauget ville Jorda vore altfor varm til å innehalde liv, og truleg så varm at ho ikkje ville inneheldt vatn, slik som Venus. Vindauget i det elektromagnetiske spekteret er altså svært viktig for livet på Jorda.

Farar endre

Dei siste tiåra har det blitt fleire gassar som inneheld bindingar mellom fluor og anten karbon eller svovel i atmosfæren. Desse gassane absorberer stråling som ligg innanfor det atmosfæriske vindauget. Desse ikkje-reaktive gassane blir ikkje fjerna i den naturlege sirkulasjonen i jordatmosfæren. Ein har til dømes estimert at gassar som perfluorkarbon (CF4, C2F6, C3F8) kan halde seg i atmosfæren i over 50 000 år, eit tal som kan vere understimert sidan desse gassane ikkje har naturlege kjelder.

Dette betyr at slike samansettingar har eit enormt potensial for global oppvarming. Eit kilo med svovelheksafluorid vil til dømes føre til like stor oppvarming som 23 tonn med karbondioksid i løpet av 100 år. Perfluorkarbon har ein liknande effekt og ein treng 1800 gonger så mykje karbondioksid for å gje den same globale oppvarminga som karbontetraklorid (CCl4)

Sjå òg endre

Bakgrunnsstoff endre