Ein atomsopp er ei sky av røyk og gass som vert danna grunna den høge temperaturen ei atombombe dannar i det ho går av. Dette varmar opp lufta, og sidan varm luft er lettare enn kald luft, stig lufta raskt oppover, og drar med kaldare luft oppover. Etterkvart kjølnar lufta, og søkk ned att. Dette skaper den kjende atomsoppen.

Prinsippet bak ein atomsopp: Varme gassar stig opp i midten av skya, og dreg med seg luft. Desse vert avkjølt på toppen, og søkk nedover i ein kvervelbevegelse. Dette dannar den karakteristiske soppforma skya

Soppskya har vorte eit symbol på atomvåpen, men har ikkje noko spesifikt med atomvåpen å gjere; alle tilstrekkeleg store eksplosjonar vil lage ei soppsky, men det er sjeldan det vert gjort så store sprengingar med konvensjonelle våpen at soppskya kjem fram. Difor har ho vorte ståande som eit symbol på atomvåpen.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.