Aubervilliers er ein kommune i dei nordaustlege forstadane til Paris i Frankrike. Han ligg 7,2 km frå Paris sentrum, men har eigen bystatus. Med over 70 000 innbyggjarar fordelt på berre litt over 5 km² er han ein av kommunane i Europa med størst folketettleik.

Aubervilliers
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Île-de-France
Seine-Saint-Denis
Geografi
Flatevidd 5,76 km²
Flatevidd
 - By

5,76 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

71 600
  10 961/km²
Koordinatar 48°54′53″N 02°22′52″E / 48.91472°N 2.38111°E / 48.91472; 2.38111
Høgd over havet 38 m
Diverse anna
Heimeside: www.aubervilliers.fr
Plassering

Datasenteret Telecity Paris, som husar Wikimedia sine servarar, ligg i Aubervilliers.

Namn endre

I mellomalderen vart namnet Aubervilliers skrive som Alberti Villare, som tyder «eigedomen (villare) til Adalbert». Adalbert er eit germansk førenamn som tyder «adleg (Adal-) og kvikk (-bert)», og som har gjeve det meir moderne namnet Albert.

Historie endre

1. januar 1860 vart byen Paris gjort større ved å annektere nabokommunane. Samtidig vart ein liten del av kommunen Aubervilliers annektert av Paris, medan kommunen La Chapelle-Saint-Denis vart oppløyst og delt mellom Paris, Aubervilliers, Saint-Denis og Saint-Ouen. Aubervilliers fekk derimot berre ein liten del.

Bakgrunnsstoff endre