Aucklandskarv

fugleart
Aucklandskarv
Foto frå Enderby Island, januar 2006 Foto: M. Murphy
Foto frå Enderby Island, januar 2006
Foto: M. Murphy
Status
Status i verda: VU Sårbar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Sulefuglar Suliformes
Familie: Skarvefamilien Phalacrocoracidae
Slekt: Leucocarbo
Art: Aucklandskarv L. colensoi
Vitskapleg namn
Leucocarbo colensoi

Aucklandskarv (Phalacrocorax colensoi) er ein kystbunden sjøfugl i skarvefamilien. Han er endemisk for Aucklandøyane, sør for New Zealand.

Skildring endre

Dette er ein mellomstor skarveart, ca. 63 centimeter med kroppssvekt på rundt 2 kilogram. Fjørdrakta er i svart og kvitt. Strupen og heile undersida til undergump er kvit, vengene har kvite flekker som formar seg til eit band når vengene er folda saman. Eit felt av berr hud rett under nebbrota er i blågrått og får raud farge i hekketida. Beina er bleikraude, og augeringen er blå.

Aucklandskarven hekkar på Aucklandøyane og kan elles treffast berre i kystområdet ved Aucklandøyane og i havet utanfor øyane. Han er mest vanleg ved sørlege og austlege sider av øygruppa. Fuglane kan opptre i flokkar, både under beiting og kvile.

Dietten består mellom anna av småfisk og marine virvellause dyr.

Reira er bygd av tang, guano, gras torv og kvister. Reirplassen ligg ofte under overheng av fjell eller under tre. Kullet er på 3 egg og egga blir lagt med intervall på 2, 3 eller 4 dagar. Klekkinga skjer etter ca. 28 dagar. Hekketida er frå november til februar.

Arten har status som sårbar, og bestanden er estimert til ca. 4 500 individ (2012), og er trudd å vere stabil.[1]

Kjelder endre

Referansar endre

  1. BirdLife International 2012

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Aucklandskarv