Audiens er ei høgtideleg mottaking der ein høgtståande person, ofte eit statsoverhovud, tek imot undersåttar eller sendebod. Ordet stammar frå latin audentia, av audire, 'å høyra', og tyder 'høve til å høyrast'.[1] Audiensar kan omfatta eit visst seremoniell.

Sultan Selim III tek imot den franske diplomaten Vicomte d'Andrezel i audiens i Topkapı-palasset 10. oktober 1724. Bilete av Jean-Baptiste van Mour, 1724.
Barbara Bush, kona til den amerikanske presidenten George W. Bush, dottera Laura og Francis Rooney, den amerikanske ambassadøren til Vatikanstaten, i privat audiens hjå pave Benedikt XVI 27. august 2006.

I Noreg endre

I Noreg gjev kongen og andre medlemmar av kongefamilien audiens i ulike samanhengar. Kongen mottek ambassadørane for framande land første gong i høgtideleg audiens.[2] Ambassadøren leverer her akkreditiva sine. Norske statsborgarar blir mottekne i audiens etter å ha blitt utnemnde til ein orden eller å ha motteke medalje, for at dei skal kunna takka for heidersteiknet dei har motteke. Kongen kan òg ta imot personar i audiens for at desse skal få høve til å gjera greie for for ei sak eller presentera ein organisasjon.[1]

Anna endre

  • Audiens er tittelen på lyrikaren Gro Dahle si debutsamling frå 1987.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Audiens», kongehuset.no.
  2. «Høytidelig audiens», kongehuset.no.

Bakgrunnsstoff endre