Audun Boysen (10. mai 19292. mars 2000) var ein norsk mellomdistanseløpar. Han vart fødd i Bjarkøy i Troms, men voks opp i Rissa i Sør-Trøndelag. Boysen tevla for idrettslaga Rissa Idrettslag, Sportsklubben Freidig, Idrettsforeningen Torodd og Idrettsklubben Tjalve. Sistnemnde klubb er frå Oslo.

Audun Boysen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. mai 1929
Bjarkøy kommune
Død

2. mars 2000 (70 år)
Oslo

Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 1952, Sommar-OL 1956

Utmerkingar

Aftenpostens Gullmedalje, Bislett-medaljen, Sportsjournalistenes statuett, Kongepokal

Karriere endre

Boysen fekk sitt gjennombrot på Bislett stadion i 1948, då han sprang 800-meter på 1.53.3 inkludert ein fyrsterunde på 53 sekund. To år etter hadde Tjalve internasjonalt jubileumsstemne på Bislett. Boysen deltok i 800-meteren, leidde mesteparten av løpet, men vart til slått av USA-amerikanaren Mal Whitfield. Boysen sin andreplass med 1.50.6 vart likevel ny noregsrekord.

I Gøteborg i august same året sprang Boysen 800 meter på 1.48.7, med fyrsterunde på 51.8. Dette vart endå ein ny noregsrekord for Boysen, ny nordisk rekord og det femte beste løpet i verda på 800 m.

Boysen deltok i EM i Brussel i 1950, der han enda på femteplass i 800-metersfinalen. Same året vann han likevel i både 400 og 800 meter i NM. Han deltok også i Sommar-OL 1952 i Helsingfors, men fekk ingen medaljar herifrå. Men i 1953 var Boysen i skotet att då han sette ny verdsrekord på 1000 meter på Bislett med 2.20.4. For denne prestasjonen vart Boysen tildelt Aftenpostens Gullmedalje i 1953. Dei to åra etterpå betra han sin eigen rekord to gonger, og Boysen sin rekord blei til slutt 2.19.5. Under EM 1954 enda Boysen på tredjeplass på 800 meter, og tok dermed sin fyrste internasjonale medalje.

Audun Boysen sette sin mest vidgjetne rekord i eit løp han ikkje vann. Dette hende på 800-meter på Bislett i 1955 då han kom på andreplass, bak Roger Moens frå Belgia. Moens sette ny verdskord med med 1.45.7, og Boysen sin andreplass på 1.45.9 slo hans eigen gamle noregsrekord. Boysen vann Sportsjournalistenes statuett for dette i 1955. Den nye noregsrekorden skulle bli ståande heilt fram til 1992, då han blei slått av Atle Douglas.

I 1956 deltok Boysen i Sommar-OL 1956 i Melbourne, Australia. På 800 meter tok han bronsemedalje. Dette vart hans fyrste olympiske medalje, og Noreg sin fyrste olympiske løpsmedalje. Under EM i 1958 i Stockholm hamna Boysen på andreplass bak briten Mike Rawson. Då Rawson vart diskvalifisert etter løpet fordi han hadde sprunge innanfor lista fyrste sving, vart Boysen tildelt gullmedaljen i seremonien. Seinare protesterte Storbritannia mot avgjerda, og Rawson fekk sigeren likevel.

Etter å ha delteke i Holmenkollstaffetten i 1959, la Boysen opp som friidrettsutøvar.

Prisar endre

Kjelder endre