August Konow (fødd 19. oktober 1780 i Bergen, død 9. april 1873 i København) var ein norsk forretningsmann og politikar, bror av Wollert og Thomas Konow.

August Konow

Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. oktober 1780
Bergen
Død

9. april 1873 (92 år)
København

Yrke politikar, forretningsdrivande
Språk norsk
Medlem av Det Nyttige Selskab
August Konow på Commons

Konow dreiv fram firmaet Konow & Co. til eit av dei fremsta i norskt næringsliv og spelte i 1814 ei mykje viktig og framtredande rolle som tilhengar av sjølvstendespartiet. Etter å ha deltatt i desembermøtet i 1813 verka han som Kristian Fredriks politiske og finansielle agent i Holland, men hans strev vart mislykka.

Han var Bergens 2. representant til det første overordentlige Storting i 1814.Der foreslo han eit eige konsulatvesen for Norge. Han representerte òg byen i perioden 1824–1826. Der òg stilte han òg spørsmål om Noregs utanrikspolitiske stilling. Han fekk imildertid inga tilslutting.

Konow skipa saman med sonen Fredrik Ludvig Konow d.e. Hestvik glassverk utanfor Bergen.

Han var ein aktiv kunstsamlar og var med å skipe Bergen kunstmuseum.

Sine siste år av livet sitt tilbrakte Konow i København.

August Konow var ridder av den svenske Vasaorden. Frå 1805 var han prøyssisk konsul.

Kjelder endre

 Materiale frå Nordisk familjebok, «Konow, 1. August», 1913.