«Aum» eller «om» er ei staving som har ei viktig praktisk, symbolsk og filosofisk tyding innan hinduismen og avleia religionar. Lyden står for dei opphavlege guddommelege vibrasjonane i verda, og blir brukt i ei rekke hinduiske tekstar og i noko nær alle bøner og mantra. I følgje nokre tolkinga blei verda me sansar skapt av denne lyden, og eit ekko av han finst i kvart levande vesen.

Ligatur for aum med devanagariskrift

Aum er òg kjend som pranava mantra, 'nynnemantraet', eller udgitha, 'oppoversong'.

Lyden endre

«Aum» er sett saman av tre lydar, /a/, /u/ og /m/. Desse skal stå for treeininga av skaparen Brahma, vedlikehaldaren Visjnu og øydeleggjaren Sjiva, eller for dei tre formene for medvit: Vake, draum og djup søvn.

Teiknet endre

 
Stilisert tamilsk «om» kan minna om ein elefant.

Nedskrive med devanagariskrift har aum-symbolet (ॐ) blitt kjend over heile verda. Sjølv om ordet er best kjend i denne forma frå sanskrit og hindi, kan ein sjølvsagt òg skriva «aum» med ulike skriftsystem. Også då blir teiknet rekna som heilag. «Aum» i devanagari er (Unicode U+0950) og med tibetansk skrift (Unicode U+0F00).

Bruk endre

 
«Aum» på eit eldkar under ein hinduisk bryllaupsseremoni.

«Aum» er brukt som pynt på bygningar, smykke, klede og liknande, også av ikkje-truande. Det er likevel som religiøst symbol at tydinga er sterkast, og «aum» er i flittig bruk under hinduiske seremoniar.

«Aum» innleier svært mange bøner og gudehelsingar, som i mantraene «Aum namó Narajana», til Visjnu, «Aum namó Sjivadja» til Sjiva, eller bøna «Om djai djagadisj».

Innan buddhismen er lyden best kjend frå mantraet «Om mani padme hum». Ein finn han òg igjen i sikhismen, der han innleier bøna «Mul mantar» med «Ek omkar».

Uttale av eit langtrukke «aum» kan vera del av meditasjon. Det skal då verka avslappande og lækjande.

Kjelder endre