Aust-Berlin var den delen av Berlin som under den kalde krigen utgjorde den sovjetiske okkupasjonssona og vart utropt til hovudstad i Den tyske demokratiske republikken (DDR).[1][2]

Aust-Berlin
by
Flagg
Land  Den tyske demokratiske republikken
Areal 409 km²
Folketal 1 279 212 (1989)
Kart
Aust-Berlin
52°31′07″N 13°24′16″E / 52.518611111111°N 13.404444444444°E / 52.518611111111; 13.404444444444
██ Vest-Berlin. ██ Aust-Berlin.
██ Vest-Berlin. ██ Aust-Berlin.
██ Vest-Berlin. ██ Aust-Berlin.
Wikimedia Commons: East Berlin

Berlin vart delt etter at Sovjetunionen ikkje aksepterte valet av Ernst Reuter til overborgermeister, og difor innsette sin eigen overborgermeister for Aust-Berlin i 1948. Den andre delen av Berlin vart kjend som Vest-Berlin. Forfattinga til Aust-Tyskland frå 1949 erklærte «Berlin» (dvs. Aust-Berlin) som hovudstad i Aust-Tyskland.[1] Styresmaktane i Aust-Tyskland kalla Aust-Berlin for Demokratischer Sektor von Berlin (den demokratiske sektoren i Berlin) og Demokratisches Berlin (demokratisk Berlin). Etter at Aust-Tyskland bygde Berlinmuren for å skilje Aust-Berlin frå Vest-Berlin i 1961 brukte Aust-Tyskland vanlegvis nemninga Berlin (Hauptstadt der DDR) eller Berlin om Aust-Berlin. Vest-Berlin vart omtalt som Berlin (vest) eller Westberlin. I Vest-Tyskland vart Aust-Berlin referert til som Aust-Berlin eller Berlin (aust).

Sovjetunionen anerkjende Aust-Berlin som hovudstaden til DDR, men det gjorde ikkje dei vestleg allierte maktene: Storbritannia, USA og Frankrike.[3] Vestlege land refererte i byrjinga heller til bydelen Pankow som sete til dei austtyske styresmaktene.[2]

Berlinmuren fall 9. november 1989, og Berlin vart gjenforeint 3. oktober 1990.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Vibe, Kjeld (1962). Berlin-spørsmålet. Chr. Michelsens institutt. s. 14. 
  2. 2,0 2,1 Vale, M., & Mahnke, H. H. (1981). «The Problem of East Berlin as Capital of the GDR». International Journal of Politics 11 (4): 67–96. 
  3. «East Germany: August 1973» (PDF). National Intelligence Survey (på engelsk) (CIA): 22. 
  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.