Australdvergdukkar

fugleart
Australdvergdukkar
Australdvergdukkar, januar 2012 Foto: JJ Harrison
Australdvergdukkar, januar 2012
Foto: JJ Harrison
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Australdvergdukkar
Utbreiinga av Australdvergdukkar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Podicipediformes
Familie: Dukkarfamilien Podicipedidae
Slekt: Tachybaptus
Art: Australdvergdukkar T. novaehollandiae
Vitskapleg namn
Tachybaptus novaehollandiae

Australdvergdukkar (Tachybaptus novaehollandiae) er ein liten medlem i dukkarfamilien i som lever i ferskvatn på kontinentet AustraliaNy-Guinea, på New Zealand og på nærliggande øyar i Stillehavet.

Australdvergdukkarar er 25-27 centimeter i lengd og veg om lag 220 gram. Nebbet er rett og stutt. I hekkedrakt er dei mørk gråbrune på overida med eit glansa, svart hovud. Dei har eit slåande kastanjefarga band som strekkjer seg frå bak auget, og bakover og halvvegs ned på halsen. Auga er gule, og dei har eit fremtredande bleikgult hudfelt mellom auget og nebbet. Halen er lys og dunaktig.

Ikkje-hekkedrakta er generelt mindre fargerik, manglar det kastanjebrune bandet, kinna under auga, strupe og hals er gråkvitt, i kontrast til mørk hette. Kroppsidene er meir brunlege.

Hovudutbreiingsområdet er særleg Australia med Tasmania. Men dei finst òg frå Java til Ny-Caledonia. Etter ca. år 1970 har dei òg spreidd seg til fleire stader på New Zealand,[1] men berre med små populasjonar. Den totale populasjonen er aukande.[2]

Denne dukkararten vil dukke og skjule seg nær vegetasjon når han blir uroa. Han beitar på sniglar, vassinsekt og fisk.

Kjelder endre

Referansar endre

  1. Heather og Robertson (2005)
  2. BirdLife International 2012

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Australdvergdukkar