Australpiplerke

art av sporvefuglar
Australpiplerke
Bilete frå Kapiti Island, New Zealand Foto: Duncan Wright
Bilete frå Kapiti Island, New Zealand
Foto: Duncan Wright
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Parvorden: Passerida
Overfamilie: Passeroidea
Familie: Erlefamilien Motacillidae
Slekt: Anthus
Art: Australpiplerke A. novaeseelandiae
Vitskapleg namn
Anthus novaeseelandiae

Australpiplerke (Anthus novaeseelandiae) er ein sporvefugl med utbreiing i Australia, på New Zealand og Ny-Guinea. Ho høyrer til den største biologiske slekta Anthus i familien av erler og piplerker, Motacillidae.

Skildring endre

Dette er ei slank piplerke, 16 til 19 cm lang, og ho veg ca. 40 gram. Fjørdrakta er brun på hovudet og oversida med mørke striper. Undersida er bleik med brune striper på brystet. Australpiplerkene har ei iaugefallande kvit augebrynstripe og ei mørke augestripe. Dei ytre halefjørene på den lange halen er kvite, og fuglen vipper karakteristisk opp og ned med halen. Beina er relativt lyse og lange, medan nebbet er slank og brun. Dei flyg ofte berre i korte avtsandar frametter.

Ropet er eit sporvliknande, skingrande 'skrii' og eit lengre 'tswii'.

Det er ein fugl som lever opne habitat som enger, jorder, men ikkje i intentsivt drive jordbruksområde, i vegkantar, elveleie med grus, sanddyner og opent skogsterreng. Dei finst oftast nær kysten, men kan òg nå opp til fjelltoppar. Dei beitar på bakken på små virvellause dyr som biller, edderkoppar og insektlarver. Det vil òg ete frø slik som grasfrø.

Hekkesesongen startar i august. Det koppforma reiret er plassert ved foten av vegetasjon eller i ly av ein stein. Hofuglen byggjer reiret av gras og legg to til fem egg, tre eller fire er mest vanleg. Dei er lys gulbrune med brune flekker og blir ruga i 14 til 15 dagar. Begge foreldra syt for føde åt ungane til dei er i stand til å flyge etter 14 til 16 dagar.

Underartar endre

 
Australpiplerke blant innfødde urter (Bulbinella rossii), megaherb, på Campbelløya

Anthus novaeseelandiae

Tidlegare var òg tartarpiplerke, fjellpiplerke og orientpiplerke klassifisert som underartar av dette taksonet, Anthus novaeseelandiae.[treng kjelde]

Kjelder endre

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Australpiplerke