Australske språk

Australske språk er språka som vart snakka i Australia då europearane kom dit. I følgje Ethnologue er det 263 australske språk. Dei består av fleire språkfamilar og isolat. Språka på Tasmania, som døydde ut som følgje av folkemordet på øya blir ikkje rekna til dei australske språka, og vi kjenner for lite til dei til å kunne klassifisere dei.

Underfamiliar endre

Den indre strukturen til den australske språkfamilien er omstridd. Dei fleste hevdar at omtrent halvparten av språka høyrer til ein familie, pama-ngyuansk (ein av dei som ikkje gjer det er R.M.W. Dixon, den mest kjende eksperten på australske språk).

  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.