Valdres er ei lokalavis for dalen Valdres. Valdres kjem ut tysdag, torsdag og laurdag. Avisa nyttar både nynorsk og bokmål.

Avisa vert utgjeven av selskapet Valdres Media AS (Tun Media-selskap) som ligg på Fagernes i Nord-Aurdal kommune i Oppland fylke. Den fyrste avisutgåva kom laurdag 14. mars 1903, tre dagar før selskapet formelt vart stifta.

Valdres hadde i 2000 over 3 300 abonnentar utanfor Valdres-regionen, årsaka til dette er at mange hytteeigarar les avisa, og at mange utflytte valdrisar held kontakten med heimstaden gjennom lokalavisa.

Opplagstal endre

Utvikling i nettoopplag.[1]

År Nettoopplag
2000 9 714
2001 9 716
2002 9 640
2003 9 567
2004 9 696
2005 9 675
2006 9 501
2007 9 203
2008 9 342
2009 8 815
2010 8 609
2014 7 941

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.