Avoca (irsk Abhainn Abhóca), eller tidlegare Ovoca, er ei elv i County Wicklow i Republikken Irland. Acova har sitt utspring der to andre elvar møtes, Avonmore (irsk abhann mór, «stor elv») og Avonbeg (irsk abhann beag, 'lita elv'). Desse to renn saman ved ein stad kalla The Meeting of the Waters («der vatna møtest»), som vart hylla i ein song av Thomas Moore med same namn.

Avoca
elv
Avonmore til venstre, Avonbeg til høgre, og Avoca rett fram.
Land  Irland
Kjelde The Meeting of the Waters i County Wicklow
Munning Irskesjøen ved Arklow
Kart
Avoca
52°52′59″N 6°13′47″W / 52.883055555556°N 6.2297222222222°W / 52.883055555556; -6.2297222222222
Wikimedia Commons: Avoca River, Ireland

Landsbyen Avoca ligg ved elva.

Avoca munnar ut i Irskesjøen ved Arklow der ho endar i ein brei elvemunning, som har gjeve Arklow det irske namnet an t-Inbhear Mór (det store innløpet).

Avocadalen har ei stor kopargruve og lenger nede i elva ein gjødselfabrikk (som har vore stengd sidan 2002). Desse skal ha medverka kraftig til forureining i dei nedre delane av elva.

Kjelder endre