Axel Buchardt Jensen (12. februar 193213. februar 2003) var ein norsk forfattar og statsstipendiat frå 1995. Frå 1957 til 2002 gav han ut ei rekkje romanar og andre bøker.

Axel Jensen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. februar 1932
Trondheim
Død

13. februar 2003 (71 år)
Kristiansand kommune

Yrke skribent, sjølvbiograf, science fiction-forfattar
Far Finn Reidar Jensen
Ektefelle Prathiba Jensen, Marianne Ihlen
Born Tale Næss

Livsløp endre

Jensen blei fødd i Trondheim. Han debuterte på eiget forlag i Oslo i 1955, men brende heile opplaget.

I 1950-åra budde han og ektemaken, Marianne Ihlen, på den greske øya Hydra.[1] Han var venn med den kanadiske forfattaren Leonard Cohen, som etter brotet budde i lag med Marianne på Hydra i fleire år.[2] Det er ei utbreidd oppfatning at Jensen baserte figuren Lorenzo i romanen Joacim etter han,[3] men han skal ha fortalt Cohen at Lorenzo var modellert etter den svenske forfattaren Göran Tunström.[4] Tunström bodde i nabohuset på Hydra.[5]

Jensen er omsett til tysk, engelsk, nederlandsk, fransk, italiensk, dansk og finsk. I eit par høve skreiv han manuskript på engelsk, som så blei omsett og utgjeve på norsk.

I samband med ein miljøkonferanse i Stockholm i 1972 møtte han Pratibha, som han gifta seg med i India. Dei budde en tid i Vaxholm utanfor Stockholm og kjøpte ei gammal selfangarskute[treng kjelde] som dei omdøypte til «Shanti Devi», 'Fredsgudinne', som var namnet til Pratibha si mor.[6] Pratibha Jensen døydde i 2018.[7] Etter restaurering sigla dei båten til Oslo i 1984.

Jensen var engasjert i Salman Rushdie-saka og skreiv artiklar og ytringar om den (samla i Den øredøvende stillheten) og essayet Gud leser ikke romaner.

I siste delen av livet var Jensen fysisk sterkt hemma av sjukdom. Han døydde i Ålefjær i Kristiansand kommune.

Bøker endre

(utgjeve av Cappelen der anna ikkje er nemnt)

Romanar endre

  • Dyretemmerens kors – (eige forlag 1955, supprimert av forfattaren)
  • Ikaros – ung mann i Sahara – (1957, ny utgåve illustrert av Frans WiderbergJM Stenersens Forlag 1999)
  • Line – (1959, filmatisert 1961)
  • Joacim – (1961)
  • Epp – (1965, ny utgåve 2002)
  • Mor India – (1974)
  • Junior, eller Drømmen om pølsefabrikken som bibliotek – (1978)
  • Senior – (1979)
  • Lul – (1992)
  • Og resten står skrivd i stjernene – (1995)
  • Jumbo – (1998)

Anna endre

Prisar og utmerkingar endre

Kjelder endre

  1. Kari Hesthamar (1. juni 2014). So Long, Marianne: A Love Story. ECW Press. s. 35–. ISBN 978-1-77090-501-6. 
  2. «I kveld ser hun gamlekjæresten igjen». NRK Østfold. 29. august 2016. 
  3. Kari Hesthamar (1. juni 2014). So Long, Marianne: A Love Story. ECW Press. s. 95–. ISBN 978-1-77090-501-6. «The assumption later became widespread that Axel had based the figure of Lorenzo on Leonard Cohen, but the author himself countered that Lorenzo was modelled on Göran Tunström.» 
  4. «Live-chat med Cohen 18. oktober». VG. Henta 7. desember 2016. 
  5. «Slik ble Cohen «norsk»». Nordlys. 23. oktober 2013. 
  6. Axel; fra smokken til Ovnen; storyen om Axel Jensen Biografi av Torgrim Eggen, 2019.
  7. NTB (20. desember 2018). «Pratibha Jensen er død». Aftenposten (på norsk bokmål). Henta 21. desember 2018. 

Bakgrunnsstoff endre