Aylesbury er ein marknadsby i Buckinghamshire i England. Han er administrasjonsby både for grevskapet og distriktet Aylesbury Vale.

Aylesbury

Market Square
Market Square
Market Square
Plassering
Aylesbury is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap Buckinghamshire
Distrikt Aylesbury Vale
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

77 405
Koordinatar 51°49′N 0°49′W / 51.817°N 0.817°W / 51.817; -0.817
Diverse annan informasjon
Postnummer HP19, HP20, HP21
Telefon-retningsnummer 01296
Commons har multimedium som gjeld: Aylesbury

Historie endre

Den eldste busetnaden ein har funne på staden er eit fort frå jernalderen, datert omkring 650 f.Kr. Byen ligg på ein stor klippe av portlandstein, noko som gjev han ein framtredande posisjon i landskapet.

Namnet er angelsaksisk, opphavleg Ægeles burg, og i tidleg mellomalder var Aylesbury ein viktig kjøpstad. Han tiltrekte seg òg pilegrimar på grunn av den lokale helgenane St. Osyth. Soknekyrkja vigd til Jomfru Maria er bygd over ei eldre saksisk kyrkje, som ein finn restar av i krypten. Då normannarane erobra England tok kongen over herregarden sjølv, og i Domesday Book (1086) er han skildra som ein kongeleg manor.

I 1450 vart den religiøse institusjonen Guild of St Mary, òg kalla Guild of Our Lady, grunnlagt i Aylesbury av John Kemp, erkebiskop av York. Lokala til denne i the Chantry i Church Street finst enno, men det meste av bygningane der er erstatta av seinare almissehus. Lauga var eit møteplass for lokale stormenn, og eit sentrum for politiske intrigar, og det hadde innverknad på utfallet av Rosekrigene.

I 1529 gjorde Henrik VIII Aylesbury til administrasjonsby for grevskapet, i staden for Buckingham. Ryktet fortalde at det skulda at Aylesbury Manor var ått av Thomas Boleyn, faren til Anne Boleyn, og at kongen flytta administrasjonsbyen for å innsmigre seig hos godseieren. Ein anna forklaring er rett og slett at Aylesbury var eit meir praktisk stad, plassert midt i grevskapet, medan Buckingham ligg heilt i utkanten mot Northamptonshire og Oxfordshire.

Under den engelske borgarkrigen vart byen kontrollert av parlamentarianarane, og hadde eit sterkt puritansk innslag. Aylesbury ligg nær Great Hampden, der John Hampden budde, og han har vorte ein lokal helt. Distriktet Aylesbury Vale brukar silhuetten hans som logoen sin, og ein statue av han er reist i sentrum. Våpenet til byen viser ei Aylesbury-and, ein anderase som har vorte ala opp sidan den industrielle revolusjonen.

Rett utanfor byen ligg herregarden Hartwell House, der Ludvig XVIII av Frankrike levde i eksil 18101814. Søraust for byen finn ein Chequers, som sidan 1921 har vore landstaden til statsministeren i Storbritannia.

Byen fekk mykje publisitet i 1960-åra, då dei skuldige i «det store togrøveriet» vart stilte for retten der. Røveriet fann stad ved Bridego Bridge ved Ledburn, omkring 10 km frå byen.

Aylesbury Grammar School vart grunnlagd i 1598, og er ein kjend utdanningsintsitusjon.

 
King's Head Inn

Puben King's Head Inn, som opna på 1300-talet, er ein av to pubar som tilhøyrer verneorganisasjonen National Trust som enno blir drive som ein pub. Han husar òg turistinformasjonen i byen.

Queens Park Centre er det største sjølvstendige kunstsenteret i Storbritannia.

Det moderne Aylesbury endre

Folkesetnaden til byen har vorte fordobla sidan 1960-åra på grunn av nye bustadområde. Han ligg innanfor pendlarbeltet til London, og fleire av områda har vorte bygd ut for å ta av for overbefolkninga i hovudstaden. Mange gamle bygningar i sentrum vart rivne for å fornye byen, og i sentrum finn ein moderne kjøpesenter og butikkar side om side med historiske bygningar. Ein kontroversiell ny bygning er The Blue Leanie, ein kontorbygning reist for Halifax Bank of Scotland. Han har ein svært spesiell arkitektur, og er dekt av speilglass med blått skjer. Opphavleg skulle han vere meir synleg enn han er, men av frykt for at bilistar skulle bli blenda av sola som spegla seg i han vart det planta høge tre ut mot hovudvegen.

Blant bustadområda finn ein: Bedgrove, Broughton, Elm Farm, Elmhurst, Fairford Leys, Haydon Hill, Meadowcroft, Prebendal Farm, Quarrendon, Southcourt, Stoke Grange, Walton Court og Watermead.

Byen har i 1990- og 2000-åra slite med dårleg publisitet på grunn av ei rekkje mord og eit tilfelle av raseopptøyar. Han var òg heimstaden til Germaine Lindsay, ein av sjølvmordsbombarane som stod bak terroråtaket i London 7. juli 2005.

Aylesbury stasjon er endestasjon for tog frå Marylebone stasjon i London.

Kultur endre

Aylesbury har ei lokalavis, The Bucks Herald, og lokalradioen Mix 96.

Bucks County Museum er museet til grevskapet. I byen finn ein òg Roald Dahl Children's Gallery; forfattaren Roald Dahl budde i Great Missenden like ved Aylesbury. I 2010 opna Waterside Theatre med 1 200 plassar her.[1][2] Forløparen til dei paralympiske leikane byrja i Aylesbury som Stoke Mandeville Games.[3]

Kjelder endre

  1. Porter, Darwin; Prince, Danforth (1997). Frommer's England from $60 a Day (på engelsk). Wiley. s. 234. ISBN 9780028616513. 
  2. «Aylesbury». Visit South East England. Henta 18. februar 2018. 
  3. «History of the Movement». Paralympics. The IPC. Henta 18. februar 2018.