Ayvainigrotta
Ayvainigrotta er ei grotte i Bursa i Tyrkia. Ho ligg søraust for Uluabatsjøen ved distriktsgrensa mellom Mustafakemalpaşa og Nilüfer. Det er to inngangar til grotta, ein ved Doğanalanı, den andre ved Ayvaköy.[1][2][3] Ho har namn etter landsbyen Ayvaköy like ved.[4]
Ayvainigrotta | |||
grotte | |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Ayvainigrotta 40°07′34″N 28°42′25″E / 40.126111111111°N 28.706944444444°E |
Ein kan gå inn i grotta gjennom ein inngang og ut gjennom ein annan. Typisk går ein inn ved den øvre inngangen i Doğanalanı og gå nedover ein høgdeforskjell på 17 meter.[4] Elles er grotta horisontal. Ho er 5,5 km lang,[5] noko som gjer henne til den sjette lengste i Tyrkua.[3] Berget i grotta stammar frå mesozoikum, og ho inneheld dryppesteinsformasjonar som stalagmittar, stalaktittar, pillarar og ulikt mønstra steinar, i tillegg til rundt 60 dammar av ulike storleikar.[1] Ved utgangen finst det eit 400 meter langt vatn. Vassnivået i dei ulike vatna endrar seg med sesongen.[3]
Ayvainigrotta blei oppdaga av tre spanske utforskarar i 1970.[3] Ho opna for publikum i 2008.[4]
Kjelder endre
- Denne artikkelen bygger på «Ayvaini Cave» frå Wikipedia på engelsk, den 5. august 2012/14. november 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- http://www.kultur.gov.tr/EN/Yonlendir.aspx?17A16AE30572D313A781CAA92714FCE03CD6B183F18B653E
- http://www.turkeyodyssey.com/articles/caves-of-turkey.html
- http://gototurkey.turkeytourism.com/bursa.html Arkivert 2009-05-06 ved Wayback Machine.
- http://www.ayvayoungs.tr.gg
- ↑ 1,0 1,1 «Ayvaini Mağarası - Bursa» (på tyrkisk). Kültür ve Turizm Bakanlığı. Henta 12. september 2014.
- ↑ Yaşin, Mehmet (9. desember 2007). «Bereketli göl Ulubat». Hürriyet (på tyrkisk). Henta 12. september 2014.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 «Ayvaini Mağarası» (på tyrkisk). Nilüfer Beleditesi. Henta 12. september 2014.
- ↑ 4,0 4,1 4,2 «Ayvaini Mağarası». Show Caves. Henta 12. september 2014.
- ↑ «Mağaracıların turizm isyanı». Sabah (på tyrkisk). 1. juli 2012. Henta 12. september 2014.