Bön eller bøn (tibetansk བོན, Wylie-transkripsjon bon, uttalt [pʰø̃̀(n)]) er ein tradisjonell religion frå Tibet. I dag er han rekna som ei form for tibetansk buddhisme, men med innslag av sjamanisme og animisme.

Framstilling av heimlandet til Tønpa Shenrap.

Religionen fører tradisjonane sine tilbake til tida før buddhismen blei innført i Tibet på 700-talet. Til forskjell frå buddhistar elles reknar ikkje bøn-følgjarane prins Gautama som vår tids buddha, men prins Tønpa Shenrap ('læraren Shenrap').

Kjelder endre

  • Bon-religion (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 3. januar 2014.
  Denne religionsartikkelen som har med Tibet å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.