Bø kommune i Telemark

tidlegare kommune i Telemark fylke i Norge

Bø kommune er ein tidlegare norsk kommune i den midtre delen av Telemark fylke. Kommunen grensa til Notodden i nord, til Nome i sør, til Sauherad i aust og Seljord i vest. 1. januar 2020 slo kommunen seg saman med Sauherad med namnet Midt-Telemark kommune.[1]

Bø kommune
kommune
Kommunevåpen
Land  Noreg
Fylke Telemark
Adm.senter
Areal 263 km²
 - land 260 km²
 - vatn km²
Målform nynorsk
Ordførar Olav Kasland (V)
Kommunenr. 0821
Kart
Bø kommune
59°27′26″N 9°01′53″E / 59.457222°N 9.031389°E / 59.457222; 9.031389
Wikimedia Commons: Bø, Telemark
Nettstad: www.bo.kommune.no

Geografi endre

 
Frå Bøelva mot Liheia

Bø kommune ligg i eit grunt dalføre som er vidt og høveleg flatt. Frå Seljordsvatnet i vest renn Bøelva gjennom kommunen og munnar i aust ut i Norsjø via eit elvedelta som utgjer eit naturvitskapleg interessant våtmarksområde. Mot nordaust dannar Reshjemheia eit geografisk skilje til grannekommunen Notodden. I nordvest er det eit mindre høgfjellsområde, Lifjell, der det høgste punktet i kommunen, Jøronnatten, på 1275 moh ligg. Godt klima med høge sommartemperaturar gjer at skoggrensa her ligg nær 1000 moh.

Folketalet i kommunen auka jamnt gjennom heile 1900-talet, frå om lag 2670 innbyggjarar i 1900 til 5220 i 2003. Den sterkaste veksten hadde Bø kommune i 1970-åra. Administrasjonssenteret , òg kalla Bøbyen, har nær halvparten av befolkninga. Den andre tettstaden i kommunen, Folkestad, ligg omtrent 4 km nord for Bø. Elles er busetnaden spreidd og delvis knytt til landbruket.

Næringsliv endre

Store landskapsflater med skog og fjell omkring, i tillegg til eit stabilt klima gir eit godt grunnlag for kornproduksjon, husdyrhald og dyrking av frukt. Delar av industrien er direkte knytt til verksemder i jord- og skogbruk. Vel 2/3 av jordbruksarealet vert nytta til dyrking av korn, men det er også stor produksjon av gras til husdyrhaldet. Bø har etter kommunane Nome og Skien den største gjennomsnittlege storleiken på bruk i fylkets, 116 daa jordbruksareal (1999) mot 100 daa i fylket som heile. Bø har sidan 1960-åra fått utvikla seg som handels- og servicesentrum. Det er bygd fleire føretaks- og kontorbygg som rommar ei rekkje typar av privat og offentleg tenesteyting.

I Bø ligg ein av studiestadene til Høgskolen i Telemark (HiT) og dette gir ringverknader i næringslivet og lokalsamfunnet elles. Dei om lag 1600 studentane set sitt preg på staden. Frå Telemark Distriktshøgskole vart etablert i Bø i 1971 var verksemda spreidd på ulike lokalitetar over heile bygda, men det meste vart samla på ein stad då det nye høgskulebygget stod ferdig i 1994. Den vidaregåande skulen i Bø var tidlegare landsgymnas med internat. Telemarksforsking tilbyr konsulent-, forskings-, og utviklingstenester til det offentlege og private næringslivet. Norsk Informasjonsteknologi (NIT) driv dataverksemd retta mot heile landet.

Det er turisttrafikk i Lifjellsområdet både sommar og vinter, og Bø har fleire hotell, hytter og campingplassar. I sommarhalvåret er Bø Sommarland den store turistmagneten. Denne bade- og familieparken har opplevd ein eventyrleg suksess som har gitt gode økonomiske ringverknader for bygda i seg sjølv. Lifjellområdet byr på storfelt turterreng, men det er særleg i vinterhalvåret folk kjem hit, til skitrekk og hytte- og hotellanlegg.

Samferdsel endre

 
Bø stasjon vart opna i 1924, då Sørlandsbanen førte fram til Bø

Bø er eit trafikknutepunkt og stoppestad for tog på Sørlandsbanen med samband vidare til Vest-Telemark, og ekspressbuss-sambandet mellom Vestlandet (Haugesund/Odda/Bergen) og Oslo/Skien, og i tillegg for timebussen mellom Lunde og Kongsberg. Riksveg 36 går gjennom kommunen med samband sørover til Grenland og E18, og vidare vestover til Seljord og E134. Fylkesveg 359 går sørover frå Bø til Lunde og Ulefoss. Det er også vegsamband mot nord over fjellet til Notodden, men hovudvegen, Rv36/ Fv360, går over Gvarv.

Kultur endre

Bø Bygdemuseum–Oterholt har ei rekkje bygningar og dessuten felemakarverkstad, utstilling av folkedrakter, landhandlarmuseum og meir til. Østerli bygdetun på Lifjell har utstilling og sal av lokal husflid og handverk. Gullbring kulturanlegg (1994) har symje- og idrettshall, konsert- og teatersal, galleri og kino. Telemarkshallen med innendørs fotballbane opna i 1995. Aktivt kulturliv med 70 musikk-, idretts- og ungdomsorganisasjonar. Her vert det stelt i stand to årlege festivalar: Sommarlandsfestivalen for kor, korps og orkester og Telemarkfestivalen, ein internasjonal folkemusikkfestival. I kommunen ligg det tre kyrkjer: Bø gamle kyrkje, truleg frå 1100-talet, og Bø nye kyrkje frå 1875, begge på Bøhaugen, og Jønnbu fjellkyrkje på Lifjell.

Lokalavisa er Bø Blad, som kjem ut kvar torsdag.

Studentmiljø endre

 
Studentbustader på Breisås

Bø er senter for eit mangfaldig kulturliv. Høgskulen trekkjer til seg studentar til forfattar- og kulturstudia, og heile studentmiljøet er ein aktiv pådrivar med ymse aktivitetar året rundt og ikkje minst den landskjende Kroa i Bø som opp gjennom åra har opparbeida seg eit ry som ei av landets beste konsertscener.

Folkemusikk endre

Med plasseringa i hjartet av Telemark, har folkemusikken vore ein nesten sjølvsagt hovuddel av Bø-bygda sitt kulturliv. Det er ikkje tilfeldig at det er dei tre felene som pregar kommunevåpenet. Både felemakarar og felespelarar har sett sitt preg på folkemusikkmiljøet, både i Bø og resten av fylket. Den første landskappleiken vart arrangert i Bø i 1888. I vår tid samlast folkemusikkentusiastar på Telemarkfestivalen som går av stabelen i byrjinga av august kvart år, ein festival som etterkvart har opparbeida seg internasjonalt ry.

Kunstmålartradisjon endre

Ei rik kulturhistorie byr på mange kjende namn. Kunstmålaren Halfdan Egedius heldt mykje til i Bø dei siste 7-8 åra han levde. Venen og kunstmålarkollegaen Torleiv Stadskleiv var innfødd Bøhering, og desse to var saman med ei rekke tilreisande kunstnarar med på å skape eit aktivt kunstnarmiljø i Bø på slutten av 1800-talet.

Kulturanlegg endre

Torleiv Stadskleiv har gitt namnet sitt til Galleri Stadskleiv som er lokalisert i Gullbring kulturanlegg. Dette er eit sambruksanlegg med konsertscene, kino, symjehall og idrettshall som ligg like ved høgskulebygget. Anlegget stod ferdig i 1994 og var tidleg på vinteren dette året ein av hovudstoppestadene for fakkelstafetten i samband med Lillehammer-OL, med eit storslått fjernsynssendt kulturarrangement i det enno uferdige kulturbygget.

Kjende folk frå Bø endre

Kjelder endre

  1. «Navn på nye kommuner», Regjeringen.no (på norsk), 3. januar 2020, henta 4. januar 2020 

Bakgrunnsstoff endre

59°24′46.1″N 9°3′58.3″E / 59.412806°N 9.066194°E / 59.412806; 9.066194