Bøfjorden sjøbruksmuseum

Bøfjorden sjøbruksmuseum er eit bygdemuseum i Bøfjorden i Surnadal kommune. Sidan starten i 1995 har det hatt sommar-opne søndagar frå juni til september kvart år.

Aktivitetar endre

Ved sida av utstillingar og foto frå skipsbygging, skipsfart, fiske og annan lokal kultur kan museet by på kaffi, småsal og - kvar gong - eit Dagens Tema (kåseri, demonstrasjon, framføring) med utgangspunkt i lokal kultur og historie.

Oppslutninga har vakse med åra, og i 2007 var gjennomsnittsbesøket på 76 personar - svært bra i ei bygd med 300 innbyggjarar. Museet har vorte samlingsstad om søndagane - for bygdafolk og for tilreisande frå heile Nordmøre.

Drift endre

Bøfjorden Historielag eig og driv museet. Alt skjer på dungnadsbasis utan fast offentleg tilskot. Ein er difor avhengig av inntekter frå kaffi- og småsal og ei årleg utlodding. Inngang er gratis.

Bakgrunnsstoff endre