BL Lacertae-objekt

BL Lacertae-objekt er ein type aktiv galaksekjerne som har svake eller fråverande emisjonslinjer og hurtig variasjon. Prototypen av BL Lacertae-objekt, BL Lacertae, trudde ein først var ei variabel stjerna før ein observerte den svake galaksen som omgav objektet, og ein kunne slå fast at objektet var av ekstragalaktisk natur.

BL Lacertae-objektet H 0323+022

Det er tenkt at BL Lacertae-objekt er kvasistellare objekt, som til dømes ein kvasar, eller radiogalaksar som ein ser langs ein relativistisk jetstråle.

Nokre BL Lacertae-objekt har blitt oppdaga ved dei høgaste fotonenerginivåa, 1 TeV, noko som indikerer at fotona er sendte ut i ein smal vinkel (til liks med gammaglimt); elles ville strålinga bli mist til pardanning av materie i kjelda.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  • Denne artikkelen baserer seg på artikkelen «BL Lacertae object» s. 58 i Phillip's Astronomy Encyclopedia utgjeven i 2002.

Bakgrunnsstoff endre