I sjiaislam var ein bab (frå arabisk باب bāb, ‘port’), ein av fire menneske som frå 874 til 941 var meklarar mellom folket og den siste imamen. Det arabiske fleirtalet av bab er abwāb (ابواب), og er ofte brukt for å snakka om dei i hop.

«Bab» tyder ‘port’ på arameisk og arabisk. Her ser vi Bab Bou Jeloud i Fes i Marokko. (Foto: «Fabos», 2005)

800-talet levde imamane under Abbasid-kalifane, som sette seg sterkt imot sjiamuslimane. For å vera trygge slutta dei 10. og 11. imamane å treffa tilhengjarane sine. I staden brukte dei ein talsmann som heitte Uthman al-Amri.

Den 11. imamen, Hassan al-Askari, døydde i 874. Barnet til Hassan, Abu'l-Qasim Muḥammad eller Muhammad al-Mahdi som då var fire år gammal, forsvann då far hans døydde. Sjiamuslimar trur han gøymde seg for å verta trygg. Dei trur at han gjekk attanfor «porten av formørking», og sette Uthman al-Amri som meklar mellom han og folket. Uthman blei kalla ein bab, for det var ved han at imamen sitt lys skein på jorda.

Etter at Uthman døydde blei sonen hans den neste baben. Det var i alt fire menneske som vart babar. Den siste av dei heitte Abu'l Hassan Ali. Han døydde i 941. Før han døydde blei han spurd kven som skulle verta bab etter han, men han berre sa «Gud har sitt føremål, og det skal han fullføra.» Tida med babane slutta med det, og det har ikkje vore nokon bab i sjiaislam sidan.

Bab i bahá'í-trua og bayánismen endre

Sjå òg: Ali Muhammad Shirazi

Ordet 'bab' har også ei spesiell tyding i bahá'í-trua og bayanisme, der det er ein tittel for grunnleggjaren deira, Ali Muhammad Shirazi.

Ali Muhammad tok tittelen Báb i 1844 då han forkynte misjonen sin. Han meinte at han hadde to rangar, den første som ein manifestasjon av Gud som tala med Gud si røyst, og den andre som eit levande menneske. Han var difor Gud sin port, som var komen for å bli den nye vegen som folket kunne nå Gud gjennom. Denne meininga var svært ulik den tradisjonelle tydinga av ordet, og blir ofte misforstått av mange som trur at han hevda at han var ein ny meklar.

Ali Muhammad prøvde å gjera meininga si klar gradvis. Han tok titlane qaim og mahdi, som var dei tradisjonelle titlane den siste imamen skulle få når han kom tilbake, i 1848. I 1849, etter at han hadde openberra den heilage boka si, Bayan, og lausrive seg heilt frå islam, tok han tittelen noqṭah (‘punktet’). Alle titlane hadde den same tydinga og viste kva slags misjon han sa han var gjeven.

I bahá'í-trua i dag er «Báb» brukt som hovudtittelen til Ali Muhammad, og dei andre titlane han tok vert så godt som aldri nytta. I bayanismen derimot er Ali Muhammad kjend med den siste tittelen han tok, noqṭah eller noqṭey-e-ūlā (‘det opphavlege punktet’), som bayaniar seier viser best kva rangen og misjonen hans var.