Babylon (akkadisk Babili(m), «Guds port») var hovudstad i Babylonia og låg ved elva Eufrat. Byruinane ligg omkring elleve mil sør for Bagdad i Irak.

Ishtarporten på Pergamon museum i Berlin

Babylon fekk sin første stordomstid då kong Hammurabi hærtok dei omliggande landa i Mesopotamia på 1700-talet f.Kr. Byen vart då hovudstad for det gammal-babyloniske riket.

Ruinar etter Babylon

Byen fekk sin andre stordomstid då kaldéen Nabopolassar dreiv ut assyriarane og skapte det ny-babyloniske riket på slutten av 600-talet f.Kr. Hans son Nebukadnessar II gjennomførte ein stor ombygging av Babylon på 500-talet f.Kr. Til denne tida høyrer Babylons legendariske byggverk. Babylons yttermurar omkransa eit område på 8500 daa.

Byen vart hærtatt av Aleksander den store i år 331 f.Kr.. Babylon var ei kort tid sentrum for Alexanders rike, men etter at han døydde forfall byen raskt.

Moderne utgravingar av Babylon tok til i 1899. Tidlegare president Saddam Hussein fekk restaurert eller oppført nye byggverk på plassen. Sidan 2003 har plassen vore bruka som amerikansk militærbase..

Babylon som metafor endre

Etter jødane sitt babyloniske fangenskap vart Babylon ein metafor for forfallet i samfunnet.

Den babyloniske skjøkja i Johannes’ openberring, er eit symbol for Roma. I oldkyrkja var Babylon ei vanleg nemning for romarriket. Dei drog ein symbolsk parallell mellom forfølginga romarane stod for, og Babylon si undertrykking av jødane. Sidan er tilsvarande parallellar trekte til kyrkjemakta si undertrykking av sann kristendom.

Ordet Babylon kan enno symbolisere undertrykking, materialisme og egoisme.

Kjende byggverk endre