Babylonsk matematikk

Babylonsk matematikk er matematikken som utvikla seg i Mesopotamia for opp til 5000 år sidan. Alt på 3000-2000 f.Kr. hadde babylonarane eit velutvikla system for å uttrykke tal og talrekningar. Babylonarane nytta eit seksagesimal-system som vil seie eit posisjonssystem med grunntal 60. Stillinga til sifferet avgjorde tydinga som i vårt desimalsystem. I somme tilfelle nytta dei òg eit teikn for null. Det store grunntalet 60 har ein forklart ved at to tidlegare talsystem var smelta saman.

Babylonsk leirtavle med symbol. Dei diagonale symbola er ei tilnæring av kvadratrota av 2 i fire seksagesimale tal, som er om lag seks desimaltal..
1 + 24/60 + 51/602 + 10/603 = 1,41421296...

Dei nytta store talrekningar i samband med astronomiske utrekningar, og fleire moderne inndelingar kan sporast attende til babylonske kjelder, til dømes inndelinga av ein vinkel i gradar, minutt og sekund. At sirkelen er inndelt i 360° kjem truleg at dei rekna året til å bestå av 360 dagar, slik at éin grad svarer til eit dagleg skritt av sola i ekliptikken.

Kjelder endre

«babylonsk_matematikk» av Karl Egil Aubert i Store norske leksikon, snl.no.