Eit badekar er ein møbel som kan fyllast med vatn slik at ein kan senka seg ned i det for å vaska seg eller slappa av.

Badekar i gamaldags utforming

Tradisjonelt har badekar ofte vore laga av porselen eller emaljert stålplate, men i dag har glasfiber og liknande teke over. Likevel kan eit badekar produserast av svært mange material, og det vert produsert badekar av støypejarn, tre og andre material. Badekar til små ungar er oftast laga av plast, og montert i tilknyting til eit stellebord eller liknande.

Fast monterte badekar har ofte ein eigen kran for tilførsel av vatn. Kranen er festa på badekaret, eller på veggen over karet. I botnen av karet er det ei opning, ein sluk, der det skitne vatnet kan renna ut etter bruk.

Eit boblebadekar er eit badekar med eit system som pressar luft inn under vassflata og gjer at det kjem bobler. Dette vert brukt av folk som likar kjensla av bobler langs kroppen medan dei badar. Det finst òg badekar med massasjesystem.

Sjå òg endre