Bajdukov (russisk Остров Байдуков - Ostrov Bajdukov), tidlegare Langr eller Bolsjoj Langr, er ei øy sør i Okhotskhavet i Russland. Ho ligg søraust for øya Tsjkalov, utanfor Stsjastjabukta nær nordvestsida av øya Sakhalin.

Bajdukov
øy
Land  Russland
Kart
Bajdukov
53°20′01″N 141°23′53″E / 53.333611111111°N 141.39805555556°E / 53.333611111111; 141.39805555556

Bajdukov er 12 km lang og opp mot 3 km brei i nordvest.

Øya er eit av få område der nordstarik vert rekna som vanleg.

Administrativt høyrer øya til Khabarovsk kraj.

Historie endre

Øya er kalla opp etter den sovjetiske piloten Georgij Bajdukov som var kopilot på Antonov ANT-25-flyet som 20. juli 1936 flaug frå Moskva og over Frans Josefs land, Severnaja Zemlja, Petropavlovsk-Kamtsjatskij og Khabarovsk. Flyet landa 56 timar og 20 minutt seinare på øya Udd etter å ha reist 9374 km. Denne direkte flyturen vart kalla «Stalinruta» etter Josef Stalin.[1]

Nærliggande øyar endre

Kjelder endre

Fotnotar endre

  1. Historie, arkivert frå originalen 22. juli 2011, henta 14. juli 2008 

Bakgrunnsstoff endre

53°20′N 141°23′E / 53.333°N 141.383°E / 53.333; 141.383