Bakkanal var ei overdådig feiring i romersk tid til ære for den romerske vinguden Bacchus. Feiringa var lagt til midten av mars månad, ved vårjamdøgn, når druene frå fjoråret var blitt til drikkeklar vin.

Romersk sarkofag som viser eit bakkanal.
Bacchanalia av Auguste Léveque
Rubens si framstilling av feiringa

Romarane overtok (via Etruria) dette kulturinnslaget frå grekarane, der vinguden var Dionysos, og festivalane blei kalla dionysia.

Feiringa endre

Feiringa var opphavleg reservert kvinner og fungerte som eit religiøst mysterium i ein heilag lund. Kulten spreidde seg likevel raskt, ifølgje historikaren Livius, og utarta til både fyll, drap og anna. Det romerske senatet la ned forbod mot alle andre enn godkjente bakkanal i 186 f. Kr., anten på grunn av utsvevingane eller, meir truleg, for å hindra politisk organisering der.[1] Trass harde straffer (Livius hevdar det var fleire avrettingar enn fengselsstraffer), overlevde feiringa enno nokre år i Sør-Italia.

Den greske diktaren Evripides skreiv dramaet Bakkantinnene litt over 400 år før Kristus, om korleis Dionysos sin fetter kledde seg som kvinne for å infiltrera Bacchus-dyrkelsen, men blei oppdaga og drepen av kvinnene (bakkantinnene).

Omgrepet endre

Ordet er seinare blitt brukt om fyllefestar med ein nokolunde stilig start og ei orgiastisk avslutning, medan det mystiske innhaldet er gløymt. Litterært er det sjeldan brukt i dag, men Henrik Ibsen brukte det i variantar som «bacchanal», «bacchant» og «bacchantisk».[2] Charles Dickens skreiv i ei av bøkene sine at «juristane ikkje stod tilbake for noko når det gjaldt bakkanalske evner og kapasitet» (fritt sitert frå To byar.) I Fjodor Dostojevskij sin roman Brødrene Karamasov blir ordet brukt for å skildra ein av festane til Dimitrij Fjodorovitsj (Mitja).Også i Knut Hamsun sin roman Mysterier er ordet brukt for å skildra ein fest på hotellrommet til Johan Nagel. I Donna Tartt si bok Den hemmelege historien freistar ei gruppe studentar å attskapa eit bakkanal i moderne tid, noko som får tragiske konsekvensar.

Kjelder endre

Referansar
  1. Iddeng, Jon Wikene (28. februar 2019). «bacchanalia». Store norske leksikon (på norsk bokmål). 
  2. Iversen, Ragnvald (1958). Ibsen-ordbok. Gyldendal. s. 62. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Bakkanal