Bakpommern (tysk Hinterpommern, polsk Pomorze Tylne) er i historiske samanhengar den austlege delen av Pommern som ligg mellom Oder og Vestpreussen. Heile området høyrer til Polen sidan grenseforskuvingane i Sentral-Europa i 1945, som fann stad etter den andre verdskrigen som konsekvens av Jaltaavtalen. Saman med Frampommern, som no hovudsakleg ligg i Tyskland, danna landskapet den tyske provinsen Pommern. I dag er landskapet del av tre voivdoskap: det Vestpommerske (størstedelen), det Pommerske (Słupsk-området) og det Storpolske (Okonek kommune mot nord av regionen).

Bakpommern (tilstand etter 1648) markert i gull

Namnet Bakpommern er hovudsakleg brukt i tysk historiografi, fordi i den polske forståinga er Pommern eit meir omfattande landskap og frå polsk synspunkt ligg det faktisk framme, ikkje bak, i forhold til polske kjerneområde.