Francisca Balbina Rivero Pimienta (fødd 1944), kjend som Balbina Rivero, er ein spansk forfattar fødd i Granadilla av Abona på Tenerife og seinare busett i Santa Cruz de Tenerife.

Balbina Rivero
Statsborgarskap Spania
Fødd 1944 (80 år)
Granadilla de Abona
Yrke skribent

Biografi endre

Sjølv om ho fyrst debuterte i 2001, har Rivero mange utgjevne verk. Blant dei er romanar, dikt, sogesamlingar og aforismar, både på forlag på Kanariøyane og utanfor øyane.

I tillegg til den litterære produksjonen sin er Balbina medlem av styret for det litterære magasinet Insularia, som blir gjeve ut av den kanariske forfattarforeininga, og har gjeve ut artiklar i lokal presse, i tidsskriftet Entrelíneas og har samarbeidd om radio- og TV-program på ulike lokale kanalar. Ho har òg teke del i produksjonen av albumet A mis amigos til den venezuelanske songaren Nancy Toro.[1] Ho har delteke ved fleire bok- og forlagsmesser, og i 2006 opna ho festivalen for vernehelgenen i heimebyen sin.

Balbina Rivero har alltid engasjert seg for å bringa litteratur til barn, og har gjort fleire bidrag til barnelitteratur, både forteljingar og poesi.[2] Ho har halde foredrag på ulike skular på øyane, og utvida arbeidet til Madrid-regionen i 2007 då ho var gjesteforfattar under Barne- og ungdomsbokveka organisert av Valdemoro kommune.

Verk endre

Rapportar endre

Romanar endre

Poesi endre

Barnebøker endre

Anna endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre