Balearane (katalansk Illes Balears, spansk Islas Baleares[2][3][4] ) er ei øygruppe vest i Middelhavet, nær kysten av Den iberiske halvøya.

Balearane
Illes Balears
Islas Baleares
region
Cala es Matzoc i Artà på Mallorca.
Flagg
Symbol
Land  Spania
Hovudstad Palma
Areal 4 991,66 km²
Type Autonom region
Folketal 1 149 460 (2019)
Postnummer IB
Kart
Balearane
39°30′N 3°00′E / 39.5°N 3°E / 39.5; 3
Wikimedia Commons: Balearic Islands

Øygruppa er ein autonom region og ein provins i Spania med Palma som hovudstad. Dei fire største øyane i øygruppa er Mallorca, Menorca, Ibiza og Formentera. Øygruppa har to offisielle språk, spansk og katalansk. Dei fleste innbyggjarane er katalansktalande.[5]

Historie endre

Antikken endre

Dei eldste spor etter bustenda på Balearabe er datert til 200-talet f.Kr., kring 2500-2300 f.Kr., av folk knytte til klokkebegerkulturen.[6][7]

 
Torre d'en Galmés i 2011

Ein kjenner lite til dei tidlegare innbyggjarane på øya i antikken, men det finst mange segner. Grekarane kalla øyane «Gymnesiae», der gymnos har tydinga ‘naken’. Lycofron fortal at nokre skipbrotene grekarar frå Viotía blei kasta nakne opp på øyane. Diodorus Siculus skreiv at øyane fekk namnet sitt på grunn av att innbyggjarane gjekk nakne om sommaren.[8] Ein annan tradisjon fortel at øyane blei koloniserte frå Rhodos etter Trojakrigen.[9]

I antikken bygde øybuarane på Mallorca og Minorca talayotar og var kjende for å vere dyktige med slynge. Med slyngene sine tente dei som leigesoldatar, først under Kartago og seinare under romarane.

fønikarane tok tidleg over øyane[10] og spor etter koloniseringa deira er bevart i byen Mago (MahonMenorca). Etter at Kartago fall, vart øyane i praksis sjølvstendige. Romarane erobra øyane med Q. Caecilius Metellus, som så fekk etternament Balearicus, i 123 f.kr.[11] Metellus let 3000 romerske og spanske nybyggjarar slå seg ned på den større øya og grunnla byane Palma og Pollentia.[12] Øyane høyrte under Romarriket til Carthago Nova (i dag den moderne Cartagena) i provinsen Hispania Tarraconensis. Dei vart seinare ein eigen provins, truleg i samband med delinga av riket under Konstantin.[13]

Dei to største øyane hadde mange gode hamner, men med mange klipper ved innseglinga måtte ein ofte vere forsiktig. Begge øyane var særs frodige og dei vart godt likt for både det dei dyrka og dyra dei avla. Det viktigaste mineralproduktet var raudjord, kalla sinope, som vart nytta av målarar.[14]

Delen av Middelhavet aust for Spania, rundt Balearane, vart kalla Mare Balearicum.[15] eller Sinus Balearicus.[16]

Tida etter Romarriket endre

I kaoset rundt Romarriket sitt fall vart øyane erobra av vandalar. Dei vart så gjenerobra av Austromarriket, men fall raskt til maurarane etter erobringa deira av Iberia

Mellom 1113 og 1115 gjorde ein flåte frå Toscana og Lombardia, leia av Ugo da Parlascio Ebriaco og erkebiskop Pietro Moriconi frå Republikken Pisa, ein suksessrik ekspedisjon til Balearane. Ekspedisjonen vart utført med støtte frå Konstantin I av Logudoro og basen hans i Porto Torres.

På 1200-talet erobra kong Jakob I av Aragon øyane og Kongedømet Mallorca vart oppretta, men dette vart nedlagd i 1344 og ein del av Krona Aragon, som seinare vart slått saman med Krona Castilla etter Isabella av Castilla og Ferdinand II av Aragon gifta seg. Desse danna det nye Spania.

Balearane var ofte utsett frå berbiske sjørøvarar frå Nord-Afrika og Formentera vart til og med heilt forlaten av innbyggjarane. I 1514, 1515 og 1521 vart kysten av Balearane og det spanske fastlandet plyndra av tyrkiske kaperar og den osmanske admiralen Hayreddin Barbarossa. I 1588 vart øyane plyndra og raserte av den orsmanske korsaren Turgut Reis, og 4000 menneske blei tekne som slavar.[17]

Øya Menorca vart eit britisk usjølvstendige område gjennom det meste av 1700-talet som følgje av Utrecht-traktaten, då Spania avstod Gibraltar og Menorca Til Storbritannia etter den spanske arvefølgjekrigen. Øya vart til slutt permanent avstått til Spania med Amiens-traktaten i 1802 under dei franske revolusjonskrigane.

1900-talet endre

Øyane hadde avgrensa konfliktar under den spanske borgarkrigen 1936-1939. Menorca og Formentera var lojale til [[Den andre spanske republikken |dei republikanske styresmaktene]], medan resten av øyane støtta nasjonalistane. Republikanske styrkar tok Ibiza tidleg i krigen, men klarte ikkje ta full kontroll over Majorca i slaget om Majorca i august 1936. Nasjonaliststyrkar gjenerobra Ibiza i september 1936. Menorca blei okkupert av nasjonalistane i februar 1939 etter slaget om Menorca.

Geografi, politikk og kultur endre

 
Serra de Tramuntana, ei fjellkjede på Mallorca

Sjølve Balearane er Mallorca og Menorca, i tillegg til nokre andre mindre øyar, som i lag dannar eit autonomt område i Spania. Dei største øyane i regionen er Mallorca, Menorca, Ibiza, Formentera, som alle er populære turistdestinasjonar. Av dei mindre øyane finn ein Cabrera, som ligg i Parc Nacional de l'Arxipèlag de Cabrera. Øyane kan vidare delast inn i Islas Gimnesias med Mallorca, Menorca og Cabrera, og Pityusarane med Ibiza og Formentera.

Hovudstaden i området er Palma de Mallorca. Innbyggjarane har lang tradisjon med å livnæra seg av fiske og jordbruk med sitrusfrukter, tomatar, mandlar, oliven, havre, druer, poteter og bønner. Sidan midten av 1900-talet har turisme vore ei viktig næring.[5]

Hovudøyane i Balearane
      Mallorca
      Menorca
      Ibiza
      Formentera
      Cabrera

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Población por provincias, edad (grupos quinquenales), Españoles/Extranjeros, Sexo y Año». 
  2. «Ley 3/1986, de 19 de abril, de normalización linguística». Boe.es. Arkivert frå originalen 22. oktober 2007. Henta 7. juli 2012. 
  3. «Ley 13/1997, de 25 de abril, por la que pasa a denominarse oficialmente Illes Balears la Provincia de Baleares». Boe.es. Arkivert frå originalen 22. oktober 2007. Henta 7. juli 2012. 
  4. «Ley Orgánica 1/2007, de 28 de febrero, de reforma del Estatuto de Autonomía de las Illes Balears». Boe.es. Arkivert frå originalen 22. oktober 2007. Henta 7. juli 2012. 
  5. 5,0 5,1 «Balearene». Store norske leksikon (på norsk). 2. mars 2024. 
  6. Fernandes, Daniel M.; Mittnik, Alissa; Olalde, Iñigo; Lazaridis, Iosif; Cheronet, Olivia; Rohland, Nadin; Mallick, Swapan; Bernardos, Rebecca; Broomandkhoshbacht, Nasreen; Carlsson, Jens; Culleton, Brendan J. (1. mars 2020). «The spread of steppe and Iranian-related ancestry in the islands of the western Mediterranean». Nature Ecology & Evolution (på engelsk) 4 (3): 334–345. ISSN 2397-334X. PMC 7080320. PMID 32094539. doi:10.1038/s41559-020-1102-0. 
  7. Alcover, Josep Antoni (1. mars 2008). «The First Mallorcans: Prehistoric Colonization in the Western Mediterranean». Journal of World Prehistory (på engelsk) 21 (1): 19–84. ISSN 1573-7802. doi:10.1007/s10963-008-9010-2. 
  8. «Diodorus Siculus, Bibliotheca Historica, Books I-V, book 5, chapter 17». www.perseus.tufts.edu. 
  9. Strab. xiv. p. 654; Plin. l. c "The Rhodians, like the Baleares, were celebrated slingers"
    Sil. Ital. iii. 364, 365: "Jam cui Tlepolemus sator, et cui Lindus origo, Funda bella ferens Balearis et alite plumbo."
  10. Strabius iii. s. 167, 168.
  11. Livius Epit. Ix.; Freinsh. Supp. lx. 37; Florus, Strabo ll. cc.
  12. Strabo, Pomponius Mela, Plinius den eldre.
  13. Notitia Dignitatum Occid. c. xx. vol. ii. s. 466, Böcking.
  14. Plinius xxxv. 6. s. 13; Vitruv. vii. 7.
  15. τὸ Βαλλεαρικὸν πέλαγος, Ptol. ii 4. § 3.
  16. Flor. iii. 6. § 9.
  17. Carr, Matthew, Blood and Faith: the Purging of Muslim Spain (Leiden, 1968), s. 120.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Balearane