Ballets Russes var eit ballettkompani som blei danna i 1909 av den russiske impresarioen Sergej Djagilev. Det hadde premieren sin den 18. mai 1909. Kompaniet heldt fyrst til i Théâtre Mogador og Théâtre du Châtelet i Paris og sidan i Monte Carlo. Det hadde sitt utspring i den keisarlege balletten til tsaren i St. Petersburg, som alle dansarane i kompaniet var tilknytte, og hadde fått si trening under påverknad frå den store koreografen Marius Petipa. Det skapte sensasjon i det vestlege Europa gjennom den vitaliteten dei russiske dansarane oppviste, spesielt samanlikna med det Paris kunne varta opp med på den tida. Ballets Russes blei det ballettkompaniet på 1900-talet med størst innverknad, og innverknaden er i den eine eller den andre forma gjeldande sjølv i dag.

Ballettkompaniet og komponistane endre

Kompaniet bestod av 13 medlemmer, som alle heldt høg dansemessig standard.

Dansarane og koreografane som var tilknytt kompaniet omfatta George Balanchine, Mathilde Kschessinska, Mikhail Fokin, Vera Karalli, Tamara Karsavina, Serge Lifar, Alicia Markova, Léonide Massine, Vatslav Nizjinskij, Anna Pavlova, Ida Rubinstein og Lydia Lopokova.

Scenografane var blant anna Leon Bakst, Aleksandr Benois, Georges Braque, Natalija Gontsjarova, Pablo Picasso, Salvador Dali, Bilibin, Pavel Tsjelitsjev og Maurice Utrillo.

Komponistane var store profilar som mellom anna Claude Debussy, Darius Milhaud, Francis Poulenc, Sergej Prokofjev, Maurice Ravel, Erik Satie, Ottorino Respighi, Richard Strauss, og ikkje minst Igor Stravinskij, som Djagilev oppdaga då han var fullstendig ukjend og som begynte karrièra si i Ballets Russes.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelde endre