Balletten Spartakus

Spartakus er ein ballett som vart komponert i 1954 av sovjetaren Aram Khatsjaturjan. Verket fylgjer den romerske slaven Spartakus som leidde Spartakusopprøret som førte til den tredje slavekrigen. Historia i balletten tek seg store fridommar med den historiske hendinga. Balletten vart tildelt ein Leninpris same året som han vart komponert. Han vart sceneoppført fyrste gongen i 1956 i Leningrad og igjen i 1958 i Moskva, men det er 1968-versjonen med koreografi av Juri Gregorovitsj som har vorte mest vidgjeten. Balletten er framleis eit av Khatsjaturjans best kjende verk og er viktig for ballettscener i Russland og dei tidlegare sovjetrepublikkane.

Ivan Vasiljev i ei oppføring av Spartakus, 2011.
Foto: www.kremlin.ru

Musikken frå balletten er svært kjend og har ofte vorte brukt som filmmusikk. Dette gjeld særleg Adagio for Phrygia og Spartakus som har vorte brukt t.d. i Caligula, Istid 2 og som kjenningsmelodi til fjernsynsserien Onedinlinjen.

Hovudpersonane i balletten er:

  • Crassus, Romersk konsul
  • Spartakus, kongen av Thrakia i fangenskap
  • Phrygia, kona til Spartakus
  • Aegina, konkubina til Crassus

Handling endre

Fyrste akt

Konsulen Crassus vender triumferande heim til Roma i prosesjon etter sine siste erobringar. Blant dei han har teke til fange er Spartakus, kongen av Thrakia, og kona Phrygia. Spartakus syrgjer over fangenskapen og tek eit bittert farvel med Phrygia som må bli ein del av konkubineharemet til Crassus. For å underhalda Crassus og fylgjet hans blir Spartakus sendt inn på arenaen og blir tvungen til å drepa ein nær ven. Spartakus er forferda over dette og eggjar medfangane sine til å gjera opprør.

Andre akt

Dei rømte fangane feirar fridomen sin. I mellomtida underheld Crassus den romerske adelen på overdådig vis. Den forførande Aegina eggjar opp til ein seksuell orgie. Spartakus og mennene hans forstyrrar orgien og frigjer slavekvinnene, inkludert Phrygia. Den fornærma Aegina insisterer på at Crassus straks må forfylgja slavehæren. Elskarane feirar flukta til det kjende musikkstykket Adagio for Phrygia og Spartakus.

Tredje akt

Aegina oppdagar leiren til Spartakus og observerer elskarane når dei kjem ut av teltet sitt neste morgon. Aegina sender ord til Crassus, som sender hæren sin etter dei. Det bryt ut øydeleggjande kampar blant styrkane til Spartakus. Til slutt oppdagar styrkane til Crassus kvar Spartakus er og spiddar han med spyda sine. Hans nærmaste får fatt i kroppen hans og ber det vekk medan Phrygia syrgjer.

Kjelder endre