Balsamering (av gresk balsamon, ei eterisk olje- og harpiksblanding) er det å behandla eit lik slik at forrotninga stansar eller blir forseinka. Dette kan gjerast som del av eit dødsrituale (som mumifisering), for å kunna leggja det på paradeseng eller for å ta vare på liket. Skikken er kjend frå det gamle Assyria, Egypt og Persia. Chinchorro-kulturen i Sør-Amerika nytta balsamering for over 7000 år sidan.[1] Balsamering var også noko brukt i europeisk mellomalder og i meir moderne tid. Ein del gravferdsbyrå tilbyr balsamering også i dag.[2]

Historie endre

Historikarane meiner at dei gjorde det for å heilaggjera kroppen. Dei trudde ein vart guddommeleg etter døden, og at kroppen var eit tempel for sjela. Balsamering stammar frå Egypt frå år 3000 f.Kr. Mumiar er mest kjent frå Egypt og mange av mumiane er verna, særleg av kongar og prestar. Tut-ankh-amon er ein av dei mest kjende mumiane frå det gamle Egypt. Dei egyptiske mumiane har vorte verna betre enn mumiar i andre sivilisasjonar. Det var skilnad på fattig og rik. Dei fattige vart lagt i tørr sand, og på den måten vart dei naturleg mumifiserte.

Myten om Osiris endre

Metoden er best kjent frå det gamle Egypt, og stammar frå myten om Osiris. Osiris var ein fruktbarheitsgud og gud over dødsriket. Han var gift med systera si Isis og dei to saman herska over Egypt. Broren til kongen, Seth var svært sjalu på Osiris, fordi han sjølv ville ha kongemakta. Seth lurte Osiris i bakhold og drap han. Deretter delte han likte i 14 deler og spreidde dei over heile Egypt. Då Isis fann ut kva som hadde skjedd sørgde ho over tapet, og drog ut på ei ferd for å finne alle dei ulike bitane. På kvar stad der ho fann ein bit bygde ho ein heilagdom for Osiris. Til slutt hadde ho klart å finne alle delane utanom penisen hans, som hadde hamna i Nilen og dermed vorte eten av ein fisk. Ho laga ein kunstig penis til han. Djupt under bakken kor Seth ikkje kunne finne henne, klarte ho å setje saman kroppen til Osiris og forband han med linbandasjer. Ved hjelp av systera si Neftys og Anubis, klarte ho å få nytt liv i Osiris. Isis forvandla seg til ein glente og flaug over den erigerte penisen til Osiris. Då vart Horusbarnet unnfanga. Isis gøymde Horusbarnet i dei frodige våtmarkene for at Seth ikkje skulle finne ut av kva som hadde skjedd. Han fekk alikevel snusen i kva som hadde føregått, og forvandla seg til dei ville dyra på deltaet for å ta livet av Horus. Han klarte alltid å unnsleppe. Horus vaks opp til å bli ein sterk mann, og Osiris steig opp frå dødsriket for å trene han i krigskunst. Horus la ut på tokt for å hevne faren sin, og ved god hjelp frå Osiris fekk han til slutt hemnen sin. Geb erklærte at Horus var den rettmessige arvingen til Osiris og at han skulle vere konge over Egypt. Seth vart forvist ut i ørkenen der han skulle vere konge, medan Osiris vart konge over dei daude i underverda.

Anubis endre

Anubis Imyut var guden for balsamering og blir framstilt som eit menneskje med sjakalhovud. Det er Anubis Imyut som er mest avbilda, gjerne når han står ved den daude og legg siste handa på mumien. Han hjelpte Isis med å gjenopplive Osiris, og rolla til Anubis Imyut er å hjelpe dei døydde over til dødsriket.

Metode endre

Alle i det gamle Egypt praktiserte balsamering. Balsameringa kunne ta frå 2-10 månader. Dei byrja med å vaske og reinsa kroppen. Etterpå tok dei ut dei fire hovudinnvolane: magesekk, tarmar, lever og lunger. Innvolane vart deretter tørka og balsamert akkurat som dei gjorde med kroppane, og i nokre tilfelle vart innvolane lagt tilbake i kroppane. Det hende òg at dei hadde sagmugg og leire i buken for at liket skulle halde kroppsfasongen. Etterpå vart hjernen fjerna. Då tok dei ein lang tynn bronsekrok og rørde rundt i hjernen. Deretter vart liket lagt på den eine sida slik at hjernen rant ut. I heile 40 dagar kunne lika liggje i salt før dei mjukna huda opp med oljer og balsamar. Lika kunne miste opp til 70 % av kroppsvæska når dei vart tørka og som ein konsekvens kunne dei få ein brunaktig farge. Dei aller rikaste vart i nokre tilfelle handsama som om dei var levande. Dei fletta inn ekstra hår for å gjere det tjukkare, og det vart sett inn kunstige auge og brukt sminke. Dei laga òg nokre snitt i huda for så å leggje inn linbandasjar. Dette gjorde dei for at kroppen skulle halde den naturlege forma si. Nokre gonger vart det brukt for mykje materialar og som ei følgje kunne huda sprekke. Heilt til slutt vart likt surra inn i linbandasje og lagt i ein sarkofag.

Kjelder endre

  1. Quand les momies les plus vieilles du monde révèlent leurs secrets, Sputnik, 25/12-2016.
  2. Holck, Per. (2009, 13. februar). «Balsamering», Store medisinske leksikon. Henta 27. september 2013.