Balsfjord Mållag

Balsfjord mållag er er eit lokallag i Noregs Mållag og eit av laga i Troms og Finnmark mållag.

Laget blei skipa 11. juni 1977,[1] men laget var berre i aktivt arbeid eit par år.

Laget blei oppattskipa 16. november 1991.[2]

Det var 20 medlemmar i laget i 2024. I 2024 var Ingrid Russøy leiar.

Lagsarbeid endre

Balsfjord mållag har i fleire år arrangert diktkonkurranse for elevar i skolane i Balsfjord.[3][4]

Mållaget har sia 1995 arrangert ein årleg kulturkveld om hausten, ofte med forfattarbesøk.[5][6][7]

I 2017 markerte laget 40-årsjubileet sitt.[8][9]

Nynorsk i skolen endre

I 1984 starta 11 elevar i første klasse med nynorsk som hovudmål ved Storsteinnes skole.[10] Nye parallellklassar starta i 1987, 1988, 1989, og 2003. I alt har det vore seks nynorskklassar ved Storsteinnes skole. Den første klassen hadde nynorsk i alle ni skoleåra. Dei andre klassane hadde nynorsk gjennom heile barneskolen, men det er uvisst om nokon av elevane heldt fram med nynorsk i ungdomsskolen.[11]

Leiarar endre

  1. 1977-: Rolf Einar Engstad[12]
  2. 1991-2002: Kjell-Arnt Labukt[13][14][15][16][17]
  3. 2003-d.d: Ingrid Russøy (2003-)[18]

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre