Bankar (frå italiensk banco som tyder benk etter dei benkene som pengevekslarane nytta i renessansen i Italia) er finansielle institusjonar. Bankar låner pengar av kundane gjennom innskot, pengane blir så ein del av banken sin forvaltningskapital som vert låna ut. I og med at innskuddsrenta er lågare enn utlånsrenta, finst det ein rentemargin som er bankane si inntening.

Mizuho Bank er ein av verdas største bankar.

Bankar tilbyr også betalingsformidling, finansiell rådgivning og formidling av verdipapir og spareprogram.

I Noreg er det tradisjonelt tre type bankar: sparebankar, forretningsbankar og statlege bankar. I seinare år har også mange utanlandske bankar etablert seg i Noreg. Verksemda vert regulert av sparebanklova og forretningsbanklova, og andre lover som finansavtalelova. Bankar opererer under konsesjon og tilsyn frå Finanstilsynet.

Sjå også endre