Barbie er ei motedokke skapt av Ruth Handler og produsert av det amerikanske leiketøyselskapet Mattel. Den fyrste dokka vart lansert i 1959 ved New York Toy Fair.[1]

Barbie


Skipa9. mars 1959
Nettstadhttps://shop.mattel.com/pages/barbie (engelsk)

Ho var ei revidert utgåve av den tyske dokka Bild Lilli – som på si side bygde på avisstripa Lilli, ein erotisk figur i tabloidavisa Bild. Ruth Handler, som i lag med sin ektemann Elliot grunnla Mattel i 1945, såg potensialet i Lilli-dokka og ville gjere henne om til ei dokke som passa for unge jenter. Med god hjelp frå Jack Ryan, omskapte Handler Lilli til den fyrste utgåva av Barbie – som vart oppkalla etter Handlers dotter Barbara. Dokka vart ikkje godt motteke i starten. Det var nesten berre menn som jobba i leiketøyindustrien på denne tida, og dei likte ikkje tanken på at borna deira skulle leike med dokker med kvinnelege former. Etter mykje fram og tilbake henta Mattel inn den austerrikske psykoanalytikaren Ernest Dichter, som etter kvart fekk folk til å endre meining om barbiedokka. Den fyrste barbien som kom i produksjon vart dermed ein stor suksess. Sjølve dokka vart seld relativt billig medan kleda vart selde separate og til ein mykje høgare pris.[2]

Opp gjennom åra har det vorte lansert ei rekke ulike barbiedokker, stadig med nye moteklede og klede for ulike yrker. Barbie har mellom anna ein kjærast – Ken – og ei yngre syster – Skipper. Ho har prøvd seg som lærar, atlet, soldat, astronaut, veterinær, lækjar, president og mykje anna. Utsjånaden hennar har også endra seg gjennom åra, for at ho skal sjå tidsriktig ut. Trass i at det har vorte lansert Barbiedokker med ulike hud- og hårfarger samt ulike storleikar og fasongar, har Barbie møtt ein storm av kritikk. Særleg dei siste åra har det vorte fokus på at Barbie si verd består av utdaterte verdiar og fremmer sexistiske og rasediskriminerande ideal. Mange meiner også at Barbie fremmer urealistiske kroppsmål som ikkje er bra for unge jenter å vakse opp med.

Kjelder endre

  1. Woodham, Jonathan (19. mai 2016). «Barbie» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-176296-3. doi:10.1093/acref/9780191762963.001.0001/acref-9780191762963-e-76?rskey=ukk3gg&result=1. 
  2. «The Toys That Made Us | Netflix Official Site», www.netflix.com, henta 13. november 2018 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Barbie