Barkhauseneffekt er ein effekt som opptrer når eit ferromagnetisk stoff, til dømes jern, endrar sin magnetiske tilstand. Dette skjer ikkje som ein kontinuerleg prosess, men ved at små område eller domene brått skiftar magnetiseringsretning. Effekten kan registrerast ved at eit jernstykke vert ført inn i ein spole som er kopla til ein høgtalar gjennom ein forsterkar. Når ein flyttar ein magnet i nærleiken av jernet i spolen, kan ein knitrande lyd høyrast i høgtalaren. Dette skuldast induksjonsstøyt i spolen kvar gong eit domene endrar sin magnetiske tilstand.

Kjelder endre

«barkhauseneffekt» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Barkhauseneffekt