Barlindfamilien
Taxus cuspidata
Taxus cuspidata
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Nakenfrøingar Gymnospermae
Klasse: Coniferae
Familie: Barlindfamilien Taxaceae
Gray, 1822

Barlindfamilien (Taxaceae) er ein av dei små bartrefamiliane. Han omfattar rundt 10 artar av buskar og tre, som alle stort sett lever på den nordlege halvkula.

Plantefamilien er delt inn i tre slekter. Barlindslekta har åtte artar; tre av dei veks i Noreg. Dei fire slektene under druetaksfamilien (Cephalotaxaceae) kan også tidvis reknast til barlindfamilien.

Det finst også tre barlind-liknande artar i familien Podocarpaceae som har stor morfologisk likskap med barlind, men dei er ikkje nært i slekt.

Taksonomi endre

Taksogrupperinga av barlindfamilien nedanfor byggjer på internasjonal taksonomi - The Angiosperm Phylogeny Group og APG II-systemet frå 2003, med 83 ordenar og 461 familiar av karplantar.

Dei familiane og slektene som er vanlege i Norden eller Storbritannia er merka med landkode i feit skrift etter det norske standardverket Norsk Flora (2005),[1] det nyaste nordiske standardverket (2007)[2] og det britiske hovudverket.[3]

Landkodane for nordisk og britisk utbreiing er: d Danmark. f Finland. i Island. n Noreg. sv Svalbard. s Sverige. uk Storbritannia. Landkodar i kursiv viser til at arten ikkje førekjem naturleg, men er innført og naturalisert i landet.

 
Barlind (Taxus baccata)
 
Torreya nucifera
 
Cephalotaxus harringtonia

Kjelder endre

  1. Johannes Lid og Dagny Tande Lid, Reidar Evjen (red.), Norsk Flora, 7. utgåva, Det norske Samlaget, Oslo 2005. ISBN 978-82-521-6029-1
  2. Lennart Stenberg (red), Steinar Moen (norsk red): Gyldendals store nordiske flora, Gyldendal 2003 (Oslo 2007). ISBN 978-82-05-32563-0
  3. Owen Johnson & David More, Collins Tree Guide, London 2004, ISBN 978-0-00-720771-8
  4. I Danmark veks barlind berre i Vejle kommune.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Barlindfamilien