Barna i Bakkebygrenda

Barna i Bakkebygrenda (svensk Barnen i Bullerbyn) er ein barneflokk av Astrid Lindgren-karakterar som bur i tre hus ved sida av kvarandre i ei lita grend.

I Nordgården bur systrene Britta og Anna, i Mellomgården bur forteljaren Lisa med sine storebrør Lasse og Bosse og i Sørgården bur Olle og veslesystra hans Kerstin. Den siste er vitterleg eit bakkebygrendbarn ho med, men ho er berre eit år eller to gamal, medan dei øvrige er i tiårsålderen, så ho er sjeldan med på eventyra deira.

Bakkebygrenda finst i verkelegheita, men staden heiter eigentleg Sevedstorp. Astrid Lindgren såg seg sjølv som eit bakkebygrendbarn, då mykje av det som vert fortalt om i bøkene er minne frå hennar eigen barndom.

Bøker endre

  • 1947 Alla vi barn i Bullerbyn
  • 1949 Mera om oss barn i Bullerbyn
  • 1952 Bara roligt i Bullerbyn
  • 1961 Bullerbyboken (samling)
  • 1963 Jul i Bullerbyn
  • 1965 Vår i Bullerbyn
  • 1966 Barnens dag i Bullerbyn

Filmar endre

  • 1960 Alla vi barn i Bullerbyn, regi: Olle Hellbom
  • 1961 Bara roligt i Bullerbyn, regi Olle Hellbom
  • 1986 Alla vi barn i Bullerbyn, regi: Lasse Hallström
  • 1987 Mer om oss barn i Bullerbyn, regi: Lasse Hallström

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre