Barretines-opprøret

(Omdirigert frå Barretinas-opprøret)

Barretines-opprøret (katalansk Revolta dels Barretines) eller Gorretes-opprøret (Revolta dels Gorretes) var eit katalansk opprør mot styret til King Karl II av Spania. Den viktigaste årsaka var innkvarteringa av soldatane til staten, men dei protesterte òg mot høge skattar i tillegg til at katalanske nasjonalistiske spaningar spelte ei rolle. Opprøret vart finansiert og støtta av Frankrike som ein del av niårskrigen. Opprøret varte frå 1687 til 1689.

Kart over Catalonia under Barretines-opprøret.
Barretinaen er ein tradisjonell hatt i Catalonia. Det vart òg nytta om katalanarane generelt.

Opprøret fekk særleg støtte på landsbygda, særleg hos dei fattige. Dei einaste medlemmane frå eliten som støtte opprøret var rike borgarlege frå landsbygda. I Barcelona var det heller lite støtte å få hos kjøpmenn, dei intellektuelle og det lokale styret.

Kjelder endre