Barrett

studioalbum av Syd Barrett
Barrett
Studioalbum av Syd Barrett
Språk engelsk
Utgjeve 14. november 1970
Innspelt 26. februar–21. juli 1970
Studio Abbey Road Studios, London
Sjanger Psykedelisk rock
Lengd 38:43
Selskap Harvest
Produsent
Syd Barrett-kronologi 
The Madcap Laughs
(1970)
Barrett Syd Barrett
(1974)


Barrett er det andre og siste studioalbumet med nye songar av den tidlegare Pink Floyd-frontmannen Syd Barrett. Innspelinga byrja Abbey Road Studios den 26. februar 1970 og strekte seg over 15 innspelingsdagar til 21. juli.[1][2] Albumet vart produsert av Pink Floyd-gitaristen David Gilmour og klaverspelaren Richard Wright, som òg spelte høvesvis bassgitar og klaverinstrument, i lag med den tidlegare Madcap-musikaren Jerry Shirley på trommer.

Barrett kom ut i november 1970 på Harvest i Storbritannia, men gjekk ikkje inn på albumlista. Det kom ut att på ny i 1974 som ein del av Syd Barrett, som var første gongen desse platene kom ut i USA. Det kom ikkje nokre singlar ut frå albumet. Det vart ommastra og utgjeve på ny i 1993. Ei ny, ommastra utgåve kom ut i 2010.

Bakgrunn endre

Salstala og reaksjonen på det første soloalbumet til Barrett, The Madcap Laughs, vart rekna som gode nok til at EMI gav løyve til eit andre soloalbum.[3] Den 24. februar 1970, ein månad etter Madcap kom ut, var Barrett på John Peel-programmet Top Gear, der han berre framførte ein song frå det nye albumet («Terrapin»), tre som seinare kom ut på Barrett («Gigolo Aunt», «Baby Lemonade» og «Effervescing Elephant») og ein song som ikkje var på nokre av albuma («Two of a Kind», kanskje skriven av Richard Wright). «Two of a Kind» var tilskriven Richard Wright på den originale Peel Session-utgjevinga, men til Barrett på seinare utgjevingar, som The Best of Syd Barrett: Wouldn't You Miss Me?.[4] Wright skal visstnok ha skrive songen, men Barrett insisterte på at det var hans song[5] (og ønskte å ha han med på The Madcap Laughs).[6] Produsentane hadde ingen munnleg kontakt med Barrett og kunne berre kommunisere med han via Gilmour.[7] For radioinnspelinga vart Barrett akkompagnert av Gilmour på bass og Humble Pie-medlemmet Jerry Shirley på bongotrommer.[8] Versjonen av «Gigolo Aunt» vart innspelt for radiosendinga (seinare gjeven ut på The Peel Session i 1988) men var uferdig, sidan Barrett hadde sunge opningsverset tre gonger.[8] Barrett spelte slidegitar på radioversjonen av «Baby Lemonade», med Gilmour på orgel.[8]

To dagar seinare byrja han arbeidet med det andre albumet sitt i Abbey Road Studios, med Gilmour som produsent,[2][9][10][11] og ein trio av musikarar: Richard Wright, Shirley og Gilmour.[10][12] Hovudmålet med Barrett-innspelinga var å gje Barrett strukturen og fokuset mange meinte mangla på The Madcap Laughs. Derfor vart innspelinga gjennomført meir effektivt og albumet var ferdig på langt kortare tid enn The Madcap Laughs (seks månader, samanlikna med eitt år på Madcap').[2] Den 6. juni 1970 heldt Barrett den einaste offisielle solokonserten sin på Olympia i Kensington,[13] akkompagnert av Gilmour og Shirley. Mot slutten av «Octopus», det fjerde nummeret, forbausa Barrett publikum og bandkollegaene då han brått tok av seg gitaren og gjekk av scenen.[11][14]

Innspeling endre

 
Innspelinga fann stad i Abbey Road Studios.
« Me hadde i røynda tre alternativ på den tida då me arbeidde med Syd. Ein, me kunne faktisk arbeide med han i studio, spele med på det han la ned på spora sine - som var nesten umogeleg, sjølv om me klarte det på 'Gigolo Aunt'. Det andre var å spele inn eit slags spor på førehand og så få han til å spele oppå det. Det tredje var å la han spele inn grunnideane sine med berre gitar og vokal, og så prøvde me å gjere noko ut av det sidan. »

—David Gilmour[15]

Den første innspelingsdagen var 26. februar. Tre av dei første songane som dei prøvde seg på denne dagen var «Baby Lemonade», «Maisie» og «Gigolo Aunt».[7][12] Men Gilmour meinte dei mangla «Barrett-heita.[10] Etter «Baby Lemonade» vart prøvd ut, vart det spelt inn to opptak av «Maisie» før Barrett prøvde 15 forskjellige opptak av «Gigolo Aunt».[12][16] Dagen etter vart det spelt inn 2-spors demoar av «Wolfpack», «Waving My Arms in the Air», «Living Alone» og «Bob Dylan Blues».[16][17][18] Dei første to kom med på albumet, men ikkje dei to andre.[19] På innspelingsdokumentet stod det at Gilmour hadde teke med seg heim ein kopi av dei to sistnemnde,[17] men Gilmour kom seinare attende og tok med seg masterlydbanda òg.[19] Gilmour har sidan sagt at «Desse innspelingane vart gjort så raskt. Me hadde konsertar kvar dag og me måtte tilpasse innspelinga innimellom. Eg tok dei truleg med meg for å lytte til dei og berre gløymde å levere dei attende. Dei var ikkje meint å vere ein ferdig miks. Syd gjorde det unna og eg tok eit lydband heim.»[19] Trass i at det vart gjort noko mindre arbeid på «Gigolo Aunt», kom ikkje Barrett attende til Abbey Road Studios før 1. april,[12] sidan Pink Floyd arbeidde på albumet sitt, Atom Heart Mother.[10][20][21] Ved forskjellige høve vitja Barrett bandet medan dei spelte inn dette albumet.[10] Barrett spelte inn noko musikk til «Wolfpack» den 3. april, før innspelingane vart vidare utsette til 5. juni,[12] denne gongen fordi Gilmour og Wright var på turné i USA med Pink Floyd.[2]

Den 5. juni spelte Barrett inn ei rekkje 2-sporsdemoar for tre songar: «Rats», «Wined and Dined» og «Birdie Hop». «Rats»-demoen danna seinare grunnlaget for albumversjonen,[12] og vart seinare overdubba av musikarar, trass i at tempoet varierte.[10] To dagar seinare, den 7. juni, spelte Barrett inn «Milky Way», «Millionaire», før han runda av med ekstra lydspor til «Rats».[12][14] «Millionaire» heitte opphavleg «She Was a Millionaire»,[12] og var opphavleg blitt innspelt av Pink Floyd.[14][22] Barrett spelte inn to forsøk på eit akkompagnement før han gav ut,[12] og la til vokal.[14] Ein ny pause oppstod fram til 14. juli, då Barrett spelte inn fleire forsøk av «Effervescing Elephant», medan fleire ekstra lydspor vart lagt til «Wined and Dined»-demoen av Gilmour.[1][23] Tre forsøk på «Dominoes» følgde,[23] og fleire forsøk på songane «Love Song», «Dolly Rocker» og «Let's Split».[18] «Love Song» og «Dolly Rocker» vart begge overdubba, men dei ekstra lydspora for sistnemnde vart sidan sletta.[18] 21. juli arbeidde Barrett med ein annan song (seinare kalla «Word Song»), som vart spelt inn på eitt forsøk, før dei spelte inn fem forsøk på ein siste ny song for Barrett: «It Is Obvious».[18][24] Barrett spelte inn to spor på ny: «Maisie» og «Waving My Arms in the Air» (som no glei inn i ein ny song, «I Never Lied to You»).[18][25]

Shirley sa om spelinga til Barrett: «Han spelte aldri den same melodien to gonger. Stundom klarte ikkje Syd spele noko som gav meining; andre gonger var det han spelte heilt magisk.»[10] Barrett si rettleiing til dei andre musikarane var avgrensa til meldingar som «Kanskje me kan gjere midten litt mørkare og kanskje slutten litt midt på ettermiddagen-aktig. No er han for vindfull og iskald».[10]

Songar endre

Dyr er eit tema som går att på albumet.[26]

Side ein endre

«Baby Lemonade» er ein bluesfolk-melodi som kan minne om The Byrds.[7] Introen var faktisk berre Barrett som varma opp på gitar, som Gilmour hadde klart å ta opp og plasserte i starten av albumet, slik at det verka som introen til songen.[7] Teksten skildrar måtar ein person kan få tida til å gå (som i linja «In the clock they sent / Through a washing machine»).[27] Soloen vart framført av Barrett, og ikkje Gilmour slik det ofte står skrive.[7] Eit tilbakevendande tema på albumet, som byrja med «Baby Lemonade», er vêret.[28] Barrett framførte songen to gonger, begge gongane for BBC (første gongen 24. februar 1970, for John Peel sitt Top Gear, og seinare for programmet til Bob Harris den 16. februar 1971).[29][30][31]

«Love Song» fortel soga om ein eks-kjæraste han framleis likar («I knew a girl and I like her still»).[27] Det er den første av to songar med draumeaktige sansar i teksten («I'll lay my head down and see what I see»).[32] Barrett framførte songen for Bob Harris i 1971.[8][31]

«Dominoes» har biletet av anger og minne i teksten.[23][33] Songen har ein baklengs gitarsolo av Barrett og orgel og Rhodes-piano av Wright. «You and I»-teksten hintar til The Turtles sin «Happy Together», som referer til slutten av eit forhold, slik Barrett opplevde med Lindsay.[23] Det er den første av tre songar på albumet der teksten peikar til smerteIn my tears, my dreams»).[34] Barrett framførte songen på showet til Bob Harris i 1971.[8][31]

«It Is Obvious» er den andre av to songar med draumeliknande bilete («Creep into bed when your head's on the ground»).[32] Det er òg den andre songen på albumet som peikar til hjartesorg («Remember those times I could call / Through the clear day time / And you would be there»).[34] Vêret vert òg nemnd igjen («The softness, the warmth and the weather in suspense»).[28] Songen refererer òg til dagbrota og landskapet i Cambridge.[35][36]

«Rats» starta som ein jam, men utvikla seg etter kvart til ei strukturert song.[23] Han inneheld hånande og maniske tekstlinjer («Rats rats lay down flat / We don't need you we act like that»).[23][32]

«Maisie» er ein bluesjam der Barrett mumlar teksten.[16][37] Songen var inspirert av Howlin' Wolf sin «Spoonful».[19]

Side to endre

«Gigolo Aunt» er basert på Jeff Beck sin «Hi Ho Silver Lining».[16] Barrett framførte songen for Top Gear i 1970 og på den einaste konserten han heldt i 1970.[8][13]

«Waving My Arms in the Air» hintar om den då nyleg utgjevne Rolling Stones-songen «Midnight Rambler».[25] Songen inneheld eit ekko av «Octopus» («Waving my arms in the air / Pressing my feet to the ground»).[38] Tekten refererer til ei vanskeleg oppleving.[25] Songen har ein barnesongliknande del («No care / No no»)[38] og glir over i «I Never Lied to You» med hjelp av orgelet til Wright.[25]

«I Never Lied to You» er den siste av tre songar om hjartesorg («It's been so hard to bear with you not there»).[25][34]

«Wined and Dined» er datert attende til tida då Barrett budde i Cambridge,[23] og handlar om forholdet mellom Barrett og den dåverande kjærasten Gayla Pinion, ein modell frå Cambridge.[39] Songen reflekterer over kveldar ved MiddelhavetMusk winds blow») og minne frå barndommen til Barrett («Chalk underfoot / Light ash of blue»)[23][34] som kom fram under ein sommarfest han ikkje ønskte å dra frå. Gilmour la til ein buktande slidegitar over vokalen til Barrett.

«Wolfpack» hadde blitt nemnt av Barrett i eit intervju og han kalla songen ein av favorittane hans.[40]

«Effervescing Elephant» var ei etterlikning av verseforma til Hilaire Belloc sin Cautionary Tales for Children.[41][42] I motsetnad til «Dominoes», «It Is Obvious», «Rats», «Waving My Arms in the Air» og «Wolfpack» som alle nemnde eit dyr eller to, inneheld «Effervescing Elephant» referansar til ein heil jungel full av dyr.[26] Barrett framførte songen for Top Gear i 1970[8] og den einaste konserten han heldt det året.[13]

Utgjeving endre

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic     [43]
Rolling Stone     [44]

Plateomslaget vart designa av Barrett sjølv[9][18] og var opphavleg ein av mange teikningar Barrett hadde laga i Cambridge, fleire år tidlegare.[10][45] Barrett kom ut i november 1970 til mindre interesse enn The Madcap Laughs hadde fått tidlegare på året,[18] og det gjekk då heller ikkje inn på albumlista. Det var snakk om fleire singlar og eit tredje album i dei påfølgjande månadane.[18] Barrett mislikte både dette albumet og Madcap og sa: «Dei må nå ein viss standard og det er truleg berre nådd ein eller to gonger på Madcap og på det andre berre litt - berre eit ekko av det. Ingen av dei er mykje meir enn det.»[45] Allmusic-skribenten Ritchie Unterberger kalla albumet «litt meir fyldig og litt glattare enn det første albumet», og omtalte «Baby Lemonade», «Gigolo Aunt» og «Effervescing Elephant» «blant hans mest oppkvikkande og mest likte songar; men «tonen er mørkare og meir svingande» på resten av albumet.[43] I eit oversyn over karrieren til Barrett omtalte Rolling Stone begge soloalbuma til Barrett som «fortryllande».[46]

Den 16. februar 1971 spelte Barrett[8][47] eit kort sett for BBC Radio 1-programmet Sound of the Seventies. I motsetnad til radioframføringa i 1970, der Barrett spelte nye songar,[47] spelte han denne gongen songar frå Barrett: «Baby Lemonade», «Dominoes» og «Love Song».[8][18][48] Utan retning og uinteressert drog Barrett attende til heimbyen Cambridge og utanom ein kort ført med eit band kalla Stars i 1972,[18][49] og nokre mislukka innspelingsdagar i 1974[49] — forlet ha musikkarriren sin for godt.

« Å lage plata til Syd var interessant, men særs vanskeleg. Dave og Roger gjorde den første (The Madcap Laughs) og Dave og meg sjølv den andre. Men på den tida var det kome så langt at det gjekk ut på å hjelpe Syd så mykje som me kunne i staden for å uroe seg for å få den riktige gitarlyden. Det kunne du berre gløyme! Det var berre om å gjere og gå i studio og prøve å få han til å syngje. »

Richard Wright[50]

Albumet kom ut att på ny seint i 1974 i lag med det første soloalbumet The Madcap Laughs som dobbeltplata Syd Barrett.[51] Barrett vart ommastra og gjeven ut på ny den 26. april 1993.[52] «Bob Dylan Blues» kom seinare ut i 2001 på The Best of Syd Barrett: Wouldn't You Miss Me?.[19][53] Ei nyare ommastra utgåve kom ut i 2010. For utgjevinga av An Introduction to Syd Barrett i 2010 spelte Gilmour inn eit nytt basspor på fire songar, ein av dei frå Barrett: «Dominoes».[54]

Innhald endre

Originalutgåve endre

Alle songar er skrivne av Syd Barrett[9].

Side ein
Nr.TittelMerknadLengd
1.«Baby Lemonade»Opptak 1, innspelt 26. februar 19704:10
2.«Love Song»Opptak 1, innspelt 17. juli 1970, ekstra spor lagt til 17. juli3:03
3.«Dominoes»Opptak 3, innspelt 14. juli 19704:08
4.«It Is Obvious»Opptak 1, innspelt 17. juli 1970, ekstra spor lagt til 20. juli2:59
5.«Rats»Demo, innspelt 7. mai 1970, ekstra spor lagt til 5. juni3:00
6.«Maisie»Opptak 2, innspelt 26. februar 19702:51
Side to
Nr.TittelMerknadLengd
7.«Gigolo Aunt»Opptak 15, innspelt 27. februar 1970, ekstra spor lagt til 2. april5:46
8.«Waving My Arms in the Air/I Never Lied to You»Opptak 1, innspelt 27. februar 1970, ekstra lydspor og ny vokal 2. april3:59
9.«Wined and Dined»Opptak 10, innspelt 14. juli 19702:58
10.«Wolfpack»Opptak 2, innspelt 3. april 19703:41
11.«Effervescing Elephant»Opptak 9, innspelt 14. juli 19701:52
Total lengd:38:43

1993-utgåva endre

Denne utgåva deler «Waving My Arms in the Air» og «I Never Lied to You» i spor 8 og spor 9.

Bonusspor
Nr.TittelMerknadLengd
13.«Baby Lemonade»*Opptak 1, innspelt 26. februar 1970
  • Berre gitar og dobbelt vokalspor
3:46
14.«Waving My Arms in the Air»*Opptak 1, innspelt 27. februar 1970
  • Berre gitar og vokal
  • 2:13
    15.«I Never Lied to You»*Opptak 1, innspelt 27. februar 1970
  • Berre gitar og vokal
  • 1:48
    16.«Love Song»*Opptak 1, innspelt 14. juli 19702:32
    17.«Dominoes»*Opptak 1, innspelt 14. juli 19700:40
    18.«Dominoes»*Opptak 2, innspelt 14. juli 19702:36
    19.«It Is Obvious»*Opptak 2, innspelt 17. juli 1970
  • Berre gitar og vokal
  • 3:51
    Total lengd:56:13

    Medverkande endre

    Teknisk

    Kjelder endre

    1. 1,0 1,1 Barrett (booklet). Syd Barrett. Harvest, EMI. 2010. s. 1–2. 
    2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Chapman, Rob (2010). Syd Barrett: A Very Irregular Head (Paperback utg.). London: Faber. s. 249. ISBN 978-0-571-23855-2. 
    3. Jones, Malcolm (2003). The Making of The Madcap Laughs (21st Anniversary utg.). Brain Damage. s. 13. 
    4. Kellman, Andy. «Wouldn't You Miss Me?: The Best of Syd Barrett – Syd Barrett : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 19. juni 2019. 
    5. Manning, Toby (2006). The Rough Guide to Pink Floyd (1st utg.). London: Rough Guides. s. 234. ISBN 1-84353-575-0. 
    6. Watkinson, Mike; Pete Anderson. Crazy Diamond: Syd Barrett & the Dawn of Pink Floyd. s. 92. 
    7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 Palacios, Julian (2010). Syd Barrett & Pink Floyd: Dark Globe (Rev. utg.). London: Plexus. s. 365. ISBN 0-85965-431-1. 
    8. 8,0 8,1 8,2 8,3 8,4 8,5 8,6 8,7 8,8 Chapman, Rob (2010). Syd Barrett: A Very Irregular Head (Paperback utg.). London: Faber. s. 269. ISBN 978-0-571-23855-2. 
    9. 9,0 9,1 9,2 9,3 Barrett (booklet). Syd Barrett. Harvest, EMI. 2010. s. 6. 
    10. 10,0 10,1 10,2 10,3 10,4 10,5 10,6 10,7 10,8 Manning, Toby (2006). The Rough Guide to Pink Floyd (1st utg.). London: Rough Guides. s. 72. ISBN 1-84353-575-0. 
    11. 11,0 11,1 Manning, Toby (2006). The Rough Guide to Pink Floyd (1st utg.). London: Rough Guides. s. 61. ISBN 1-84353-575-0. 
    12. 12,0 12,1 12,2 12,3 12,4 12,5 12,6 12,7 12,8 Barrett (booklet). Syd Barrett. Harvest, EMI. 2010. s. 1. 
    13. 13,0 13,1 13,2 Chapman, Rob (2010). Syd Barrett: A Very Irregular Head (Paperback utg.). London: Faber. s. 270. ISBN 978-0-571-23855-2. 
    14. 14,0 14,1 14,2 14,3 Palacios, Julian (2010). Syd Barrett & Pink Floyd: Dark Globe (Rev. utg.). London: Plexus. s. 371. ISBN 0-85965-431-1. 
    15. «New Musical Express interview, by Nick Kent, april 13th, 1974». Arkivert frå originalen 8. februar 2011. Henta 28. februar 2011. 
    16. 16,0 16,1 16,2 16,3 Chapman, Rob (2010). Syd Barrett: A Very Irregular Head (Paperback utg.). London: Faber. s. 253. ISBN 978-0-571-23855-2. 
    17. 17,0 17,1 Jones, Malcolm (2003). The Making of The Madcap Laughs (21st Anniversary utg.). Brain Damage. s. 13–14. 
    18. 18,00 18,01 18,02 18,03 18,04 18,05 18,06 18,07 18,08 18,09 Barrett (booklet). Syd Barrett. Harvest, EMI. 2010. s. 2. 
    19. 19,0 19,1 19,2 19,3 19,4 Palacios, Julian (2010). Syd Barrett & Pink Floyd: Dark Globe (Rev. utg.). London: Plexus. s. 366. ISBN 0-85965-431-1. 
    20. Manning, Toby (2006). The Rough Guide to Pink Floyd (1st utg.). London: Rough Guides. s. 162. ISBN 1-84353-575-0. 
    21. Schaffner, Nicholas (2005). Saucerful of Secrets: The Pink Floyd Odyssey (New utg.). London: Helter Skelter. s. 159. ISBN 1-905139-09-8. 
    22. «Unreleased Pink Floyd material: Millionaire / She Was a Millionaire». Pinkfloydhyperbase.dk. Henta 19. juni 2019. 
    23. 23,0 23,1 23,2 23,3 23,4 23,5 23,6 23,7 Palacios, Julian (2010). Syd Barrett & Pink Floyd: Dark Globe (Rev. utg.). London: Plexus. s. 372. ISBN 0-85965-431-1. 
    24. Chapman, Rob (2010). Syd Barrett: A Very Irregular Head (Paperback utg.). London: Faber. s. 261. ISBN 978-0-571-23855-2. 
    25. 25,0 25,1 25,2 25,3 25,4 Palacios, Julian (2010). Syd Barrett & Pink Floyd: Dark Globe (Rev. utg.). London: Plexus. s. 368. ISBN 0-85965-431-1. 
    26. 26,0 26,1 Chapman, Rob (2010). Syd Barrett: A Very Irregular Head (Paperback utg.). London: Faber. s. 268. ISBN 978-0-571-23855-2. 
    27. 27,0 27,1 Chapman, Rob (2010). Syd Barrett: A Very Irregular Head (Paperback utg.). London: Faber. s. 252. ISBN 978-0-571-23855-2. 
    28. 28,0 28,1 Chapman, Rob (2010). Syd Barrett: A Very Irregular Head (Paperback utg.). London: Faber. s. 259. ISBN 978-0-571-23855-2. 
    29. Chapman, Rob (2010). Syd Barrett: A Very Irregular Head (Paperback utg.). London: Faber. s. 268–269. ISBN 978-0-571-23855-2. 
    30. Unterberger, Richie. «Peel Sessions – Syd Barrett : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 219. juni 2019. 
    31. 31,0 31,1 31,2 «Music – Review of Syd Barrett – The Radio One Sessions». BBC. 20. november 2002. Henta 219. juni 2019. [daud lenkje]
    32. 32,0 32,1 32,2 Chapman, Rob (2010). Syd Barrett: A Very Irregular Head (Paperback utg.). London: Faber. s. 257. ISBN 978-0-571-23855-2. 
    33. Chapman, Rob (2010). Syd Barrett: A Very Irregular Head (Paperback utg.). London: Faber. s. 257–258. ISBN 978-0-571-23855-2. 
    34. 34,0 34,1 34,2 34,3 Chapman, Rob (2010). Syd Barrett: A Very Irregular Head (Paperback utg.). London: Faber. s. 258. ISBN 978-0-571-23855-2. 
    35. Chapman, Rob (2010). Syd Barrett: A Very Irregular Head (Paperback utg.). London: Faber. s. 262. ISBN 978-0-571-23855-2. 
    36. Chapman, Rob (2010). Syd Barrett: A Very Irregular Head (Paperback utg.). London: Faber. s. 349. ISBN 978-0-571-23855-2. 
    37. Chapman, Rob (2010). Syd Barrett: A Very Irregular Head (Paperback utg.). London: Faber. s. 251. ISBN 978-0-571-23855-2. 
    38. 38,0 38,1 Chapman, Rob (2010). Syd Barrett: A Very Irregular Head (Paperback utg.). London: Faber. s. 256. ISBN 978-0-571-23855-2. 
    39. Manning, Toby (2006). The Rough Guide to Pink Floyd (1st utg.). London: Rough Guides. s. 73. ISBN 1-84353-575-0. 
    40. Chapman, Rob (2010). Syd Barrett: A Very Irregular Head (Paperback utg.). London: Faber. s. 253–254. ISBN 978-0-571-23855-2. 
    41. Chapman, Rob (2010). Syd Barrett: A Very Irregular Head (Paperback utg.). London: Faber. s. 55. ISBN 978-0-571-23855-2. 
    42. Chapman, Rob (2010). Syd Barrett: A Very Irregular Head (Paperback utg.). London: Faber. s. 149. ISBN 978-0-571-23855-2. 
    43. 43,0 43,1 Unterberger, Richie. «Barrett – Syd Barrett : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 17. juni 2019. 
    44. «Syd Barrett | Bio, Pictures, Videos». Rolling Stone. Arkivert frå originalen 7. oktober 2013. Henta 19. juni 2019. 
    45. 45,0 45,1 Palacios, Julian (2010). Syd Barrett & Pink Floyd: Dark Globe (Rev. utg.). London: Plexus. s. 384. ISBN 0-85965-431-1. 
    46. «Syd Barrett: Album Guide | Rolling Stone Music». Rolling Stone. Henta 19. juni 2019. 
    47. 47,0 47,1 Thompson, Dave. «The Radio One Sessions – Syd Barrett : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 19. juni 2019. 
    48. Palacios, Julian (2010). Syd Barrett & Pink Floyd: Dark Globe (Rev. utg.). London: Plexus. s. 389. ISBN 0-85965-431-1. 
    49. 49,0 49,1 Manning, Toby (2006). The Rough Guide to Pink Floyd (1st utg.). London: Rough Guides. s. 74. ISBN 1-84353-575-0. 
    50. «Rick Wright: Broken China Interview – Aug 1996 – All Pink Floyd Fan Network». Pinkfloydfan.net. Arkivert frå originalen 24. juni 2013. Henta 17. juni 2019. 
    51. Thompson, Dave. «The Madcap Laughs/Barrett – Syd Barrett : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 17. juni 2019. 
    52. Unterberger, Richie. «Crazy Diamond – Syd Barrett : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 17. juni 2019. 
    53. Kellman, Andy. «Wouldn't You Miss Me?: The Best of Syd Barrett – Syd Barrett : Songs, Reviews, Credits, Awards». AllMusic. Henta 17. juni 2019. 
    54. «Pink Floyd news :: Brain Damage – 'An Introduction to Syd Barrett' coming from EMI/Harvest in October». Brain Damage. 12. august 2010. Henta 19. juni 2019.