Barry J. Marshall, M.D. (fødd 30. september 1951) er ein australsk lækjar og professor i klinisk mikrobiologi ved University of Western Australia (UWA). Han er kjend for å ha prova at bakterien Helicobacter pylori er den fremste grunnen til magesår. Dette var stikk i strid med gjeldande medisin i fleire tiår som hevda at magesår skuldast stress, krydra mat og for mykje syre.

Barry Marshall

Fødd30. september 1951
Kalgoorlie
NasjonalitetAustralia
Områdemikrobiologi
Yrkelege, professor, biolog, mikrobiolog, sjølvbiograf
InstitusjonarRoyal Perth Hospital
University of Virginia
Pennsylvania State University
University of Western Australia
Alma materUniversity of Western Australia
Newman College, Perth
MedlemRoyal Society
National Academy of Sciences
Chinese Academy of Engineering
Australian Academy of Science

Marshall var fødd i Kalgoorlie i Western Australia. Han var ferdig utdanna som lækjar ved University of Western Australia i 1974. Han møtte Robin Warren, ein patolog med interesse for gastritt, under spesialiseringa i indremedisin ved Royal Perth Hospital i 1981. Saman forska dei på samanhengen mellom spiralbakteriar og gastritt. Hypotesen om samanhengen mellom Helicobacter pylori og magesår og magekreft kom i 1982.

Teorien om H. pylori blei gjort til lått av etablerte vitskapsfolk og lækjarar, ein trudde ikkje at nokon bakteriar kunne leva i den sure magesekken. For å få folk til å sjå nærare på teorien hans drakk Marshall eit reagensrøyr med bakteriar og fekk raskt magesår. Magesåret kurera han med antibiotika.

I 2005, fekk han og Robin Warren Nobelprisen i fysiologi eller medisin «for si oppdaging av bakterien Helicobacter pylori og hans rolle ved gastritt og magesår». Professor Marshall driv framleis forsking på H. pylori og leiar eit laboratorium ved UWA.

Andre prisar endre

Referansar endre

Bakgrunnsstoff endre